05.10.2016

Tjuesjuande september

Tjuesjuande september 1943 kom Randolph Charles Bachman fødd i kanadiske Winnipeg. Randy Bachman er best kjend som opphav til den eine halvleiken av bandnamnet Bachman-Turner Overdrive og har i mi platehylle fått plass på ei samleplate kalla Best Of BTO, som kom på marknaden fyrste gongen i 1976. I 1947 vart Marvin Lee Aday fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Meat Loaf er fyrst og fremst kjend for kjempesuksessen med plata Bat Out Of Hell frå 1977. Plata, som var produsert av Todd Rundgren, var i all hovudsak eit samarbeid med komponisten Jim Steinman, som elles har hatt suksess i samarbeid med walisiske Bonnie Tyler. Sjølv om ”kjøttpuddingen” har sine gode dagar, har eg aldri tatt heil av på den pompøse musikken hans noko som gjer at det berre står fire titlar, studioplatene Bat Out Of Hell (1977), Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose (2006), samt samleplata Hits Out Of Hell, i hylla. I 1949 kom Jan Teigen til verda i Tønsberg. Eurovisjonsgjengangaren Jahn Teigen har ei fortid i band som Lions Of Judea og Popol Ace. Hjå meg kan Teigen høyrast i samarbeid med Herodes Falsk og Tom Mathiesen på Prima Vera si samleplate Absolute Prima Vera frå 1994. I 1953 kom Gregory Norman Ham til verda i den australske olympiabyen Melbourne. Saksofonisten Greg Ham spelte i Men At Work og er kjend for fløytespelet i superslagaren Down Under. Hjå meg høyrer du Ham på samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. Ham døyde i 2012. I Kingston på Jamaica vart Robbie Shakespare fødd. Bassisten Shakespare er best kjend for å spele reggea, gjerne saman med Sly Dunbar, i duoen Sly & Robbie. I mi platehylle kan Shakespare høyrast på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread Or Alive (1981), samleplata The Best Of Peter Tosh (1999), i tillegg til utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991. I 1971 kom Cass Browne til verda i London. Trommisen Browne sitt bidrag til mi platehylle heiter Demon Days og vart slept av Gorillaz i 2005. I 1982 spelte Ozzy Osbourne det andre av to show på The Ritz i New York. Brad Gillis (gitar), Rudi Sarzo (bass) og legenda Tommy Aldrige (trommer) stod for musikken. Same dag gav Depeche Mode ut plata A Broken Frame, bandet si andre studioplate. I 1984 kom Avril Ramona Lavigne til verda i Belleville i Ontario. Avril Lavigne er eit vidunderbarn som fekk platekontrakt med Arista allereie som sekstenåring, og ho vart seinare den yngste artisten som toppa platelistene i England. Hjå meg finn du Avril si debutplate Let Go frå 2002. I 1985 spelte Toy Dolls for frammøtte fans på Metro i Rosyth. I 1986 var Toy Dolls på plass i Gateshead Leisure Centre for å spele. Same dag krasja Metallica sin turnébuss utanfor Stockholm, bassist Clif Burton omkom. I 1987 var det Rathole i Tamworth sin tur til å få vitjing av Toy Dolls. I 1994 platedebuterte samfunnsengasjerte Dave Matthews Band med Under The Table And Dreaming. I 2005 slepte dødsbuet etter Ravi Shankar konsertplata The Ravi Shankar Collection – In Concert. I 2010 slepte The Batallion si andre studioplate, Head Up High, som absolutt er verdt ei gjennomhøyring eller fleire for alle som er tilhengjarar av skitten og rufsete rock ’n roll. Same dag var det plateslepp hjå dei lokale metallkonkurrentane Enslaved, deira bidrag fekk namnet Axioma Ethica Odini og var bandet si ellevte studioplate. I 2015 døyde Wilton Felder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar