13.09.2012

Trettande september

Trettande september 1932 kom Eddie Brown til verda i Clarksdale i Mississippi. Perkusjonisten Eddie «Bongo» Brown sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976. Brown døyde i 1984. I 1940 vart den danske jazz-trommeslagaren Alex Riel fødd i København. Riel var i 1968 med å starte bandet The Savage Rose. I 1949 kom Frederick Dewey Smith til verda i West Virginia. Saman med resten av MC5 gav gitaristen Smith ut tre studioplater som var med å revolusjonere den meir rufsete delen av rocken, før bandet av ulike årsaker fann det like greitt å skilje lag. Sonic Smith var gift med Patti Smith og spelte også ein kort periode i Patti Smith Band før han døyde i 1994. Hjå meg kan Smith sitt gitarspel høyrast på plata Back In The USA frå 1970. I 1952 vart produsenten Don Fagenson fødd i Detroit. Don Was trør gjerne til på gitaren i festleg lag, og festlig var det nok både då Bob Seger And The Silver Bullet Band var i studio for å feste The Fire Inside til rullane i 1991, og då B52s spelte inn plata Good Stuff i 1992. I 1957 fekk den tradisjonelt norske bydelen i New York, Brooklyn, ein hardtslåande tilvekst i Appice-familien sin andre trommelslagar, Vincent Samson. Storebror Carmine var truleg stolt. Vinnie Appice var i sine yngre dagar innom i Black Sabbath før han, saman med Ronnie James Dio ”hit the road” og starta bandet Dio. I mi platehylle er Dio-platene Holy Diver frå 1983 og Dream Evil frå 1987 rett stad å leite for den som vil høyre Vinnie Appice sitt trommespel. Appice har også heldt takten for Black Sabbath-kloningen Heaven & Hell. I 1961 vart David Scott Mustaine fødd i La Mesa i California. Etter at Dave Mustaine fekk sparken i Metallica i 1983 gjekk han i gang med å starte sitt eige band, Megadeth, og det er på plata Rust In Peace frå 1990 den musikalske dugleiken hans kan høyrast i mi platesamling. I 1967 kom Stephen Andrew Perkins til verda i Los Angeles. Trommisen Stephen Perkins kan hjå meg høyrast på Jane’s Addiction si plate Nothing’s Shocking frå 1988. I 1970 spelte Mott The Hople ein fantastisk konsert i Farifield Halls i bydelen Croydon sør i London. Songen Keep A Knocking enda opp på plata Wildlife, ei plate som eg reknar som ein pryd for platesamlinga mi. Ein versjon Keep A Knocking, der det utruleg nok er klipt ut ein seksjon midt i ?!?, kan høyrast på samleplata Walking With A Mountain, Best Of Mott The Hoople som kom på marknaden i 1990. I 1976 nytta dei langhåra sørstastatsrockarane i Lynyrd Skynyrd denne datoen til å sleppe konsertplata One More For The Road, som sjølvsagt var full av drivande godt gitarspel. I 1982 entra Toy Dolls på scenen i Barracks i Albemarle. I 1986 var Toy Dolls attende på Klub Foot i London. I 1989 slepte Tina Turner plata Foreign Affair. I 1993 kom Nirvana-plata In Utero på marknaden. I 1994 gav Nitro Records ut Guttermouth si andre plate, Friendly People. Dette var den fyrste plata i det heile frå plateselskapet Nitro Records. I 2000 heldt Rage Against The Machine andre og siste konsert i Grand Olympic Auditorium. Konserten vart foreviga og kan høyrast på plata Live At The G.O.A. frå 2003. I 2005 slepte The Dandy Warhols plata Odditorium Or Warlords From Mars.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar