28.09.2012

Tjueåttande september

Tjueåttande september 1947 vart musikaren og forfattaren Gustav Lorentzen fødd i Bergen. Saman med kompisen Øystein Dolmen underheldt Lorentzen fleire generasjonar nordmenn i duoen Knutsen og Ludvigsen som sjølvsagt er på plass i mi platehylle, med den Spelemannprisløna plata Juba Juba frå 1983. Lorentzen døyde brått under trening i 2010. I 1956 kom Elvis Presley med singelen Love Me Tender. Plata låg fem veker på fyrsteplass i USA, men nådde ikkje høgare enn ellevte plass i England. I 1966 kom Kenneth Robert Wilson til verda i Framingham i Massachusetts. Trommisen Ginger Fish spelte for skrekkrockaren Marilyn Manson frå 1995 til 2011 og i mi platehylle finn du arbeidet hans på studioplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth, som kom på marknaden i 1999. I 1974 vart The Who si plate Odds & Sods, som inneheldt uutgjeve materiale og alternative versjonar av kjende låtar, gjeve ut i England. Plata nådde ein sterk tiandeplass på dei engelske listene. I 1987 slepte The Smiths si fjerde og siste studioplate, Strangeways, Here We Come, same dag som Depeche Mode slepte si sjette studioplate, Music For The Masses. I 1991 var AC/DC på scenen på Tushino-flyplassen i den russiske hovudstaden, Moskva. Dei frammøtte fekk høyre Back In Black, Highway To Hell, Whole Lotta Rosie og For Those About To Rock (We Salute You), som alle er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. Same dag ebba livet ut for den legendariske jazztrompetisten Miles Davis. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?, som klatra til ein syttandeplass på dei britiske platelistene, medan The Beta Band slepte sine tre fyrste EPar på samleplata The Three E.P’s. I 1999 kom Creed si andre studioplate, Human Clay, som har selt i millionopplag. I 2004 slepte Brian Wilson plata Smile, som er ei vidareføring av Beach Boys sitt ufullførde prosjekt frå 1966.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar