05.09.2012

Femte september

Femte september 1946 kom Farrokh Bulsara til verda på eksotiske Zanzibar i India-havet. Songaren Freddie Mercury gjorde stor suksess som vokalist i supergruppa Queen. Ingen Queen-plater i mi hylle enno, diverre. I mi platesamling er det som korist på songen You Nearly Did Me In, som Ian Hunter gav ut på plata All American Alien Boy i 1976, at Mercury kan høyrast. Freddie Mercury døyde i 1991. I Chapel Hill i North Carolina vart Loudon Snowdon Wainwright III fødd. Artisten Loudon Wainwright er kan hende like kjend for å vere far til dei meir kjende artistane Rufus Wainwright og Martha Wainwright, men gamlingen er såpass merritert at han har karra til seg Grammy-pris på eiga hand. Det hendte i 2010 for plata High Wide & Handsome: The Charlie Poole Project, og kategorien var Best Traditional Folk Album. Mi platehylle byr på plata Attempted Mustache, som kom på marknaden så tidleg som i 1973. I 1947 kom Melvyn Desmond Collins til verda på øya Isle Of Man i Irskesjøen. Saksofonisten Mel Collins er best kjend for å spele i King Crimson og The Alan Parson Project. Hjå meg kan Collins høyrast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1952 vart Ricky Fataar fødd i hamnebyen Durban i Sør-Afrika. Trommeslagaren Fataar sitt taktfaste spel kan hjå meg høyrast på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1963 kom John Peter Alderete til verda i Los Angeles i California. Bassisten Juan Alderete spelar til dagleg i The Mars Volta og hjå meg kan han høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1973 kom Rose Arianna McGowan til verda i italienske Firenze. Songaren Rose McGowan har vore innom Marilyn Manson og hjå meg kan ho høyrast med vokal på songen Posthuman frå plata Mechanical Animals frå 1998. I 1975 gjorde Bob Seger & The Silver Bullet Band sin andre konsert på to dagar i Cobo Hall i Detroit. I 1977 døyde George Barnes. I 1978 kunne dei som var interessert kjøpe Skynyrd’s First And....Last, som Jacksonville, Florida sine store, langhåra heltar i Lynyrd Skynyrd gav ut på denne dagen. I 1980 var dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på plass i Gateshead. High Feel Club var namnet på staden der dei kunne opplevast denne kvelden. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast i Bier Kellar i Leeds. I 1985 fekk dei frammøtte på Giganti i Appledoorn høyre godlyd frå energiske Toy Dolls. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den tredje av seks konsertar i legendariske Hammersmith Odeon. I 1987 var Toy Dolls i Winterhur for å spele på festival.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar