21.09.2012

Tjuefyrste september

Tjuefyrste september 1934 vart den kanadiske Leonard Norman Cohen fødd i Montreal. Poeten Leonard Cohen har spela inn meir enn to tusen songar gjennom ei karriere som strekk seg over seks tiår, og ti av desse songane kan du høyre på plata Ten New Songs, som var Cohen sitt bidrag til populærkulturen i 2001, og som står på ein av dei mange heidersplassane i mi platehylle. I 1943 kom David Hood til verda i Sheffield i Alabama. Bassisten Hood kan hjå meg høyrast medan han spelar for Bob Seger på plata Beautiful Loser frå 1975. I 1947 vart Donald William Felder fødd i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Don Felder er best kjend for glitrande sologitarspel i Eagles i to periodar, men hjå meg er det på utvalde spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate Stranger In Town frå 1978 arbeidet hans kan høyrast. I 1952 kom David Gregory til verda i Swindon. Dave Gregory er best kjend for å ha spelt gitar i det engelske New Wave-bandet XTC. Mi platesamling byr på Gregory sitt gitarspel på plata Black Sea frå 1980. I 1954 vart den dyriske trommeslagaren Philty Animal Taylor fødd som Phil Taylor i byen sigarettmerket Chesterfield truleg har namnet sitt frå. Philty spelte trommer på dei mest kjende Motörheadplatene, men fekk diverre sparken frå bandet i 1992 og driv for tida med diverse prosjekt som ikkje har funne vegen inn i platesamlinga mi, enno. I 1962 kom Michael Algar til verda. Gitaristen og vokalisten, som er kjend under artistnamnet Olga, er leiar av, og einaste gjenværande originalmedlem i punkbandet Toy Dolls, som alltid har vore eit kuriøst innslag i mi assorterte platesamling. I 1972 kom Oasis-vokalisten og Manchester City-tilhengjaren William John Paul Gallagher til verda i Manchester. Den humøsjuke jet-setaren Liam Gallagher var tidlegare fast innslag i skandalepressa, i dag er han fast innslag i platesamlinga mi med plater som Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995), Be Here Now (1997), Unplugged, og konsertplata Familiar To Millions frå 2000. I San Leandro i California vart David Randall Silveria fødd. Trommisen David Silveria var med å starte Korn i 1993, men sa takk for seg i bandet i 2006. Hjå meg kan Silveria høyrast med taktfaste bidrag på samleplata Proud frå 2000. I 1976 vart Jonas Bjerre Terkelsbøl fødd i København. Jonas Bjerre er vokalist og gitarist i det danske indiebandet Mew, og i mi platehylle kan han høyrast på plata And The Glass Handed Kites frå 2005. I 1982 slepte Dolly Parton samleplata Dolly Parton’s Greatest Hits. I 1985 nytta alltid like elleville Toy Dolls høve til å spele på Klub Foot i London. I 1987 døyde Jaco Pastorius. I 1990 gav Bette Midler ut plata Some People’s Lives. I 1992 slepte Abba samleplata Gold-Greatest Hits, som inneheld nitten av dei største hitsene frå den svenske superkvartetten. I 1993 gav Melissa Etheridge ut plata Yes, I Am og det langt meir hardtrockande Seattle-bandet Hater platedebuterte med ei skive med same namn som bandet. I 1999 kom Tori Amos si femte studioplate, To Venus And Back, som var ein dobbel CD. I 2006 døyde Boz Burrell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar