07.09.2012

Sjuande september

Sjuande september 1922 kom Joseph Dwight Newman til verda i jazzbyen New Orleans. Trompetisten Joe Newman spelte saman med Count Basie på samleplata Atomic Swing. Joe Newman døyde i 1992. I 1948 vart Dennis Thompson fødd i Detroit. Trommisen Thompson taktfaste bidrag til rocken kan i mi platehylle høyrast på plata Back In The USA, som MC5 slepte i 1970. I 1949 kom Gloria Fowles til verda i Newark i New Jersey. Discodronninga Gloria Gaynor produserte ei rekke topp hits i diskoen sin gullalder og vert kan hende best hugsa for homsefavoritten I Will Surivive, som toppa platelistene i 1979. Hjå meg finn du The Collection frå 1996 og der er dei fleste av godbitane frå dama si karriere representert. I 1951 fekk verda ei miljømedviten rockestjerne med sterke meiningar i Christine Ellen Hynde. Chrissie Hynde har levert rock med sterke meiningar i bandet The Pretenders, som framleis står på mi ynskjeliste, i ei årrekkje, men enn så lenge må eg nøye meg med å høyre ho synge som gjestevokalist for UB40 på songen I Got You Babe, som opphavleg var ein slagar med duoen Sony And Cher. I 1953 kom Benjamin Montmorency Tench III til verda i Gainesville i Florida. Benmont Tench var ein av grunnleggarane av bandet Tom Petty And The Heartbreakers, men orgelspelet hans kan i mi platesamling høyrast på Bob Dylan-plata Shot Of Love, som kom på marknaden i 1981, Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, i tillegg til Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit frå 1993, Alanis Morissette sine plater Jagged Little Pill (1995) og Supposed Former Infatuation Junkie (1998), og Johnny Cash sine plater frå American-serien, Unchained frå 1996, American III: Solitary Man frå 2000 og American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1961 vart LeRoi Holloway Moore fødd i Durham i North Carolina. Saksofonisten LeRoi Moore var ein av grunnleggjarane av Dave Matthews Band og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. Moore døyde i 2008. I 1967 gav Aretha Franklin ut singelen (You Make Me Feel Like) A Natural Woman. I 1969 vart Jean-Benoît Dunckel fødd i den kongelege landsbyen Versailles. Dunckel er ein halvdel av den franske electronicaduoen Air. I 1978 døyde min favorittrommeslagar, Keith Moon, etter eit hardt og intenst liv i trommerytmane si teneste. Dødsårsaka skal ha vært at stakkars Keith vart kvelt av sitt eige oppkast etter ei ganske så overdriven bursdagsfeiring. Gratulerar med vel overstått. I 1983 var den evigunge samuraien med fortid i Velvet Underground, Lou Reed, og underheldt i idylliske Verona. Rolling Stones Mobile Unit var tilstades for å forevige hendinga og delar av konserten enda opp på ei liveplate med tittelen Lou Reed In Concert. Same kveld var Toy Dolls å høyre på Brannigan i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Stars and Stripes i Carlisle. I 1985 hadde Toy Dolls fôrflytta seg til De-Koog i Noordharwoude. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den femte av seks konsertar i frykta og berykta, men likevel så sagnomsnuste Hammersmith Odeon. I 1992 slepte Roger Waters plata Amused To Death. I 1997 gav Janet Jackson ut plata The Velvet Rope. Dette var hennar sjette studioplate. I 1998 slepte det skotske indiebandet Belle & Sebastian si tredje studioplate, The Boy With The Arab Strap. Same dag slepte Hole, med skandalepresseyndlingen Courtney Love i spissen, si tredje studioplate, Celebrity Skin, på plateselskapet Geffen. Den amerikanske versjonen kom dagen etter. I 2003 døyde Warren Zevon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar