16.09.2012

Fjortande september

Fjortande september 1949 vart Edward C. King fødd i Glendale i California. Gitaristen Ed King var med i det attforeina Lynyrd Skynyrd i 1987, men forlét bandet grunna hjarteproblem i 1996. Hjå meg kan King høyrast på plata Lynyrd Skynyrd 1991. I 1955 kom Steve Berlin til verda i Philadelphia. Saksofonisten Berlin er best kjend for å spele i Los Lobos. Hjå meg finn du Berlin sitt hobbyband Tuatara, elles kan han høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1983 vart Amy Jade Winehouse fødd i London. Amy Winehouse er best kjend for songen Rehab og eit stormfullt ekteskap med den valdelege ektemannen Blake Fielder-Civil. Eit ublidt møte med politiet i Bergen skapte litt ekstra blest rundt den rusavhengige syngedama her heime. Hjå meg kan ein høyre Winehouse si andre studioplate Back To Black frå 2006. Winehouse døyde i 2011. I 1987 spelte R.E.M. levande musikk for Vara Radio i Holland. Songen Time After Time etc. kan høyrast på samleplata Dockument, i tillegg til som B-side på Finest Worksong. I 1992 fekk platekjøparane høve til å investere i liveplata A Little Light Music. Mennene som stod for musikken kallar seg for Jethro Tull. I 1993 oppsummerte Violent Femmes dei fyrste åra av karrieren si med plata Add It Up (1981-1993). På same dag platedebuterte New York-bandet Piss Factory, som hadde tatt namnet sitt frå ein Pattie Smith-låt, med ei plate som fekk same sjarmerande namn som bandet. Nasegrus hylling av den vitale punkprinsessa med andre ord. Også Meat Loaf fann det bryet verdt med å yte eit bidrag til platehyllene. Produktet fekk titelen Bat Out Of Hell II og var eit nytt samarbeidsprosjekt med suksesskomponisten Jim Steinman. I 1998 kom Manic Street Preacher si femte studioplate, This Is My Truth Tell Me Yours. Same dag slepte Marilyn Manson si tredje studioplate, Mechanical Animals, på den australske marknaden, resten av verda måtte vente til dagen etter. I 2004 gav Paul Weller ut plata Studio 150. I 2009 platedebuterte det fantastiske Loddefjord-bandet John Olav Nilsen Og Gjengen med den like fantastiske plata For Sant Til Å Være Godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar