12.09.2012

Tolvte september

Tolvte september 1923 kom bassisten Joseph Shulman til verda. I mi platehylle er det på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957 at Joe Shulman sitt basspel kan høyrast. Shulman døyde i 1957. I 1932 vart George Glenn Jones fødd i Texas. George Jones er ein respektert countryartist med mange storselgjande plater på merittlista, men for mange er han like, om ikkje betre, kjend for å ha vore gift med den kvinnelege countrysongerinna Tammy Wynette, og for å ha levd eit hardt liv med mykje fyll og spetakkel. I 1944 vart Barry Eugene White fødd i Galveston i Texas. Barry White var artist og produsent og hausta fleire Grammy-titlar i løpet av karrieren. Hjå meg kan White høyrast på ei samleplate med det optimistiske namnet The Ultimate Collection. Barry White døyde i 2003. I 1952 kom Neil Ellwood Peart fødd i Hamilton i kanadiske Ontario. Trommisen Neil Peart spelar til dagleg i det kanadiske bandet Rush, og kan hjå meg høyrast på studioplatene Fly By Night (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987). I 1956 vart Brian David Robertson fødd i skotske Clarkston. Gitaristen Brian «Robbo» Robertson er best kjend for arbeidet han har gjort i Thin Lizzy og Motörhead, hjå meg kan Robbo høyrast medan han trakterar gitaren på Shane MacGowan And The Popes si plate The Snake frå 1995. I London kom Barry Andrews til verda. Den tidlegare XTC-vokalisten Andrews kan i mi platehylle høyrast medan han spelar keyboard for Iggy Pop på plata Soldier frå 1980. I 1968 Reid Lawrence LaLonde til verda i Oakland i California. Gitaristen Larry LaLonde livnærar seg til dagleg ved å spele i det amerikanske punkrockbandet Primus, som har lurt plata Porc Soda frå 1993 inn i platehylla mi. Larry LaLonde yt også eit bidrag til mi platesamling når han spelar gitar på songen Big In Japan på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1976 var Led Zeppelin på plass i Mountain Studios i Montreux i den sveitsiske Alpane og spelte inn Bonzo’s Montreux. Songen kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1977 kom James Louis McCartney til verda i London. Som son av Paul og Linda McCartney har James eit opphav som forpliktar, og han innfrir. Hjå meg kan James McCartney høyrast medan han spelar gitar på faren si plate Flaming Pie frå 1997. I 1980 gav Andy Partridge og resten av XTC ut plata Black Sea. I 1981 vart Jennifer Kate Hudson fødd i Chicago i Illinois. Songerinna og skodespelaren Jennifer Hudson slo gjennom på fjernsynsfesjået American Idol i 2004. Hjå meg kan Hudson høyrast på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. På kvelden spelte traktorpunkpionerane Violent Femmes konsert på The Beneath It All Cafe i motorsykkelbyen Milwaukee. Hendinga vart festa til lydband og songen Johnny kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1986 kunne dei frammøtte på Porterhouse i Retford nyte både synet og lyden av våre venner i Toy Dolls. I 1992 spelte Black Sabbath på Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia. Ein driftig publikummar nytta høve til å ta konserten opp på band, noko som resulterte i bootlegplata Reviviscence som kom ut same år til tross for elendig lydkvalitet. I 1995 spelte Ozzy Osbourne i Buenos Aires i Argentina. Arenaen heit Estadio Obras og songane Desire, I Don't Know, Flying High Again, Mr. Crowley, War Pigs og Crazy Train kan høyrast på konsertplata Master Of Madness. Same dag slepte Red Hot Chilli Peppers plata One Hot Minute, som var bandet sitt sjette studioalbum. Plata selde mindre enn halvparten så mange eksemplar som den førre plata og var kommersielt sett skuffande. I 2000 heldt Rage Against The Machine fyrste konsert, av to, i Grand Olympic Auditorium. Konserten vart foreviga og kan høyrast på plata Live At The GOA frå 2003. I 2003 var dette ein triste dag og det skuldast at ein av mine store heltar, komponisten, tekstforfattaren, country- og rockestjerna, og outlawlegenda Johnny Cash, døyde etter lengre tids sjukdom. I 2004 døyde Kenneth Buttrey.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar