18.09.2012

Attande september

Attande september 1951 vart bassisten Dee Dee Ramone fødd og fekk døypenamnet Douglas Glenn Colvin. Det er nok ikkje naudsynt å nemne at tydinga av Dee Dee sitt basspel er uvurderlig for punkbandet Ramones, men eg gjer det likevel. Dee Dee Ramone døyde i 2002. I 1966 kunne platekjøparane gå i butikken og sikre seg singelen Magic Bus frå eit ungt og framoverstormande The Who. Songen, som heilt klart er ein av mine personlege favorittar, vart spela inn i IBC Studios med Kit Lambert som produsent og nådde berre ein skuffande tjuesjetteplass på listene. I 1970 døyde supergitaristen Jimi Hendrix i London og verda vart aldri meir den same for dei av oss som elskar god og støyande gitarrock, eller kan hende er det sagnet om gitaristen som har vekse seg så stort at det overskuggar mannen sjølv. Det får me aldri vete, men tanken på ein overvektig Hendrix på scenen i eit kasino i Las Vegas gjer at eg tenkjer dette var ei god dag alt i alt. I 1978 gav Kiss ut dei fire soloplatene, ei for kvar av bandmedlemmene, som skulle vere med å tøyle dei store egoa som bandet inneheldt. Alle kan sjølvsagt tenkjer seg at dette var ei umogleg oppgåve, men bandet held framleis saman, med dei aller største egoa på plass. I 1982 spelte Toy Dolls i Whicham Club i Newcastle-upon-Tyne. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Adam and Eve i Leeds. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Tiffanys i Rochdale. I 1987 gav Kiss ut plata Crazy Nights, bandet si fjortande studioplate, som etter kvart selde til platina i USA etter meir enn ein million selde eksemplar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar