16.09.2012

Sekstande september

Sekstande september 1925 kom Riley B. King til verda i elvedelstaten Mississippi. B.B. King vert rekna som ein av verdas desidert framste gitaristar og har underheldt små og store bluesfans sidan han signerte kontrakt med RPM Records i 1949. Insatsen er etterkvart løna med fleire Grammy-prisar og ein plass i prestisjetunge Rock’n Roll Hall Of Fame. I mi platehylle kan King sitt gitarspel nytast i friskt samarbeid med ei anna gitarlegende, Eric Clapton, på plata Riding With The King frå 2000. King spelar også gitar på songen Since I Met You Baby på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. I 1934 vart Joseph Ronald Drew fødd ikkje langt frå Dublin i Irland. Ronnie Drew spelte fleire periodar i The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré frå 1985. Drew døyde i 2008. I 1946 vart trommeslagaren Kenneth Thommas Jones fødd i London. Kenney Jones si karriere omfattar band som Small Faces, Faces og The Who. Hjå meg kan Jones høyrast på Faces si plate Long Player frå 1971, og på Joan Armatrading si sjølvtittelerte plate frå 1976. I 1961 kom Bilinda Jayne Butcher til verda i metropolen London. Bilinda Butcher er best kjend som gitarist og songar i My Bloody Valentine og hjå meg kan ho høyrast på studioplatene Isn’t Anyting (1988) og Loveless (1991). I 1963 kom Richard Noel Marx til verda i Chigaco i Illinois. Songaren Richard Marx, med fleire halvstore hits i heismusikk-sjangeren, kan i mi platesamling høyrast med hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986. I 1977 døyde Marc Bolan. I 1999 gav Tom Jones ut plata Reload, som inneheld megahiten Burning Down The House, ein song som revitaliserte karrieren for den gamle rundbrennaren. I 2011 døyde Willie “Big Eyes” Smith.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar