13.09.2013

Trettande september

Trettande september 1932 kom Eddie Brown til verda i Clarksdale i Mississippi. Perkusjonisten Eddie «Bongo» Brown sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976. Brown døyde i 1984. I 1940 vart den danske jazz-trommeslagaren Alex Riel fødd i København. Riel var i 1968 med å starte bandet The Savage Rose som hjå meg kan høyrast på platene Black Angel og Tameless. I 1952 vart Don Fagenson fødd i Detroit i Michigan. Produsenten Don Was trør gjerne til på gitaren i festleg lag, og festlig var det nok både då Bob Seger And The Silver Bullet Band var i studio for å feste The Fire Inside til rullane i 1991, og då B52s spelte inn plata Good Stuff i 1992. I 1955 kom Joni Sledge til verda i Philadelphia i Pennsylavania. Saman med systrene Kim, Debbie og Kathy, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1957 fekk den tradisjonelt norske bydelen i New York, Brooklyn, ein hardtslåande tilvekst i Appice-familien sin andre trommelslagar, Vincent Samson. Storebror Carmine var truleg stolt. Vinnie Appice var i sine yngre dagar innom i Black Sabbath før han, saman med Ronnie James Dio ”hit the road” og starta bandet Dio. I mi platehylle er Dio-platene Holy Diver frå 1983 og Dream Evil frå 1987 rett stad å leite for den som vil høyre Vinnie Appice sitt trommespel. Appice har også heldt takten for Black Sabbath-kloningen Heaven & Hell. I 1961 vart David Scott Mustaine fødd i La Mesa i California. Etter at Dave Mustaine fekk sparken i Metallica i 1983 gjekk han i gang med å starte sitt eige band, Megadeth, og det er på plata Rust In Peace frå 1990 den musikalske dugleiken hans kan høyrast i mi platesamling. I 1967 kom Stephen Andrew Perkins til verda i Los Angeles i California. Trommisen Stephen Perkins kan hjå meg høyrast på Jane’s Addiction si plate Nothing’s Shocking frå 1988, han er i tillegg kreditert som hjelpeperkusjonist på eitt spor på Rage Against The Machine si debutplate Rage Against The Machine frå 1992, og på like mange spor på Rancid si fjerde studioplate Life Won’t Wait frå 1998. I 1970 spelte Mott The Hople ein fantastisk konsert i Farifield Halls i bydelen Croydon sør i London. Songen Keep A Knocking enda opp på plata Wildlife, ei plate som eg reknar som ein pryd for platesamlinga mi. Ein versjon Keep A Knocking, der det utruleg nok er klipt ut ein seksjon midt i ?!?, kan høyrast på samleplata Walking With A Mountain, Best Of Mott The Hoople som kom på marknaden i 1990. I 1976 nytta dei langhåra sørstastatsrockarane i Lynyrd Skynyrd denne datoen til å sleppe konsertplata One More For The Road, som sjølvsagt var full av drivande godt gitarspel. I 1982 entra Toy Dolls på scenen i Barracks i Albemarle. I 1986 var Toy Dolls attende på Klub Foot i London. I 1989 slepte Tina Turner plata Foreign Affair. I 1993 kom Nirvana-plata In Utero på marknaden. I 1994 gav Nitro Records ut Guttermouth si andre plate, Friendly People. Dette var den fyrste plata i det heile frå plateselskapet Nitro Records. I 2000 heldt Rage Against The Machine andre og siste konsert i Grand Olympic Auditorium. Konserten vart foreviga og kan høyrast på plata Live At The G.O.A. frå 2003. I 2005 slepte The Dandy Warhols plata Odditorium Or Warlords From Mars.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar