10.09.2013

Tiande september

Tiande september 1946 vart Donald Georg Powell fødd i engelske Bilston. Trommeslagaren Don Powell har gjort seg merkt som takthaldar i Slade og kan mi platehylle høyrast medan han gjer jobben på studioplatene Play It Loud (1970) og Slayed (1972), konsertplatene Slade Alive (1972) og Slade On Stage (1982), og samleplata The Slade Collection ’81-87. I 1949 kom Barrimore Barlow til verda i engelske Birmingham. Trommeslagaren Barry Barlow er best kjend for tida han spelte trommer for Jethro Tull og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Young To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. Barlow er også kreditert for å spele på det eksotiske instrumentet gong på eit spor på Babyshambles si debutplate Down In Albion frå 2005. I 1950 kom Anthony Joseph Perry til verda i Lawrence i Massachusetts. Aerosmith-gitaristen Joe Perry og riffa hans har i ei årrekkje vore med å setje standarden for amerikansk hardrock. Det gnistrande gitarspelet han kan hjå meg høyrast på Aerosmith-platene Rocks (1976) og Draw The Line, som kom på marknaden i 1977. Perry er også kreditert for gitarspel på eit par spor på Gene Simmons si soloplate frå 1978. I 1970 var dette dagen Mott The Hoople spela inn nydelege Lay Down i Island Studios. Låten enda opp på bandet si tredje studioplate, Wildlife frå 1971. I 1983 spela Lou Reed i Roma og godlyden kan høyrast på plata Lou Reed in Concert frå 1996. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen vest til Carlisle Market Hall for å spele for tilhøyrarane der. I 1984 kom Queensryche si fyrste LP-plate, The Warning. I 1985 kom Cameron Matthew Followill til verda i Oklahoma. Matthew Followill er søskenbarn til dei tre Followill-brørne som han spelar saman med i bandet Kings Of Leon og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Aha Shake Heartbreake frå 2004. I 1986 var Iron Maiden i Beograd og spelte fyrste konsert på turneen Somewhere On Tour. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen til Leeds for å spele på Adam and Eve. I 1990 var dette dagen Iron Maiden-fansen fekk høve til å kjøpe singelen Holy Smoke. Tredjeplass vart høgaste plassering. I 1991 gav Jethro Tull ut plata Catfish Rising.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar