08.09.2013

Sjuande september

Sjuande september 1922 kom Joseph Dwight Newman til verda i jazzbyen New Orleans i Louisiana. Trompetisten Joe Newman kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Count Basie på samleplata Atomic Swing. Newman døyde i 1992. I 1948 vart Dennis Thompson fødd i Detroit i Michigan. Trommisen Thompson taktfaste bidrag til rocken kan i mi platehylle høyrast på plata Back In The USA, som MC5 slepte i 1970. I 1949 kom Gloria Fowles til verda i Newark i New Jersey. Discodronninga Gloria Gaynor produserte ei rekke topphits i diskoen sin gullalder og vert kan hende best hugsa for homsefavoritten I Will Surivive, som toppa platelistene i 1979. Hjå meg finn du The Collection frå 1996 og der er dei fleste av godbitane frå dama si karriere representert. I 1951 vart Christine Ellen Hynde fødd i Parma, nei ikkje den italienske ostebyen, men namnebroren i den amerikanske elvestaten Ohio. Chrissie Hynde er ei miljømedviten rockestjerne med sterke meiningar og har i ein mannsalder levert rock med sterke meiningar i bandet The Pretenders. Hjå meg kan Hynde høyrast på den akustiske konsertplata The Isle Of View frå 1995, i tillegg kan du høyre ho synge hjelpevokal for UB40 på deira versjon av Sony And Cher-slagaren I Got You Babe, som er henta frå samleplata The Best Of UB40 frå 1987, og i samarbeid med Tom Jones på hans studioplate Reload frå 1999. I New York City kom Mark Ware Isham til verda. Trompetisten Mark Isham kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Van Morrison på samleplata The Philospher’s Stone frå 1998, samt på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1953 kom Benjamin Montmorency Tench III til verda i Gainesville i Florida. Tangentmannen Benmont Tench var ein av grunnleggarane av bandet Tom Petty And The Heartbreakers, men orgelspelet hans kan i mi platesamling høyrast på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love, som kom på marknaden i 1981, Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, i tillegg til Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit frå 1993, Alanis Morissette sine plater Jagged Little Pill (1995) og Supposed Former Infatuation Junkie (1998), og Johnny Cash sine plater frå American-serien, Unchained frå 1996, American III: Solitary Man frå 2000 og American V: A Hundred Highways frå 2006, i tillegg til at han er kreditert for å spele på Reef si plate Glow frå 1997. I 1961 vart LeRoi Holloway Moore fødd i Durham i North Carolina. Saksofonisten LeRoi Moore var ein av grunnleggjarane av Dave Matthews Band og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. Moore døyde i 2008. I 1967 gav Aretha Franklin ut singelen (You Make Me Feel Like) A Natural Woman. I 1969 vart Jean-Benoît Dunckel fødd i den kongelege landsbyen Versailles. Dunckel er ein halvdel av den franske electronicaduoen Air, som hjå meg kan høyrast på platene Talkie Walkie (2004) og Moon Safari (1998). I 1978 døyde min favorittrommeslagar, Keith Moon, etter eit hardt og intenst liv i trommerytmane si teneste. Dødsårsaka skal ha vært at stakkars Keith vart kvelt av sitt eige oppkast etter ei ganske så overdriven bursdagsfeiring. Gratulerar med vel overstått. I 1983 var den evigunge samuraien med fortid i Velvet Underground, Lou Reed, og underheldt i idylliske Verona. Rolling Stones Mobile Unit var tilstades for å forevige hendinga og delar av konserten enda opp på ei liveplate med tittelen Lou Reed In Concert frå 1996. Same kveld var Toy Dolls å høyre på Brannigan i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Stars and Stripes i Carlisle. I 1985 hadde Toy Dolls fôrflytta seg til De-Koog i Noordharwoude. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den femte av seks konsertar i frykta og berykta, men likevel så sagnomsnuste Hammersmith Odeon. I 1992 slepte Roger Waters plata Amused To Death. I 1997 gav Janet Jackson ut plata The Velvet Rope. Dette var hennar sjette studioplate. I 1998 slepte det skotske indiebandet Belle & Sebastian si tredje studioplate, The Boy With The Arab Strap. Same dag slepte Hole, med skandalepresseyndlingen Courtney Love i spissen, si tredje studioplate, Celebrity Skin, på plateselskapet Geffen. Den amerikanske versjonen kom dagen etter. I 2003 døyde Warren Zevon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar