25.09.2013

Tjuefemte september

Tjuefemte september 1955 vart Anna Paola Francia fødd i den italienske universitetsbyen Terni. Songerinna Lalla Francia kan i mi platesamling høyrast medan ho yt vokalhjelp på Fiorella Mannoia si tiande studioplate Belle Speranze frå 1998. I London kom Steven John Baily til verda. Steven Severin har hatt ei suksessrik karriere som bassist i det engelske bandet Siouxsie And The Banshees, som han gav ut elleve studioplater saman med. Hjå meg kan Steven Severin høyrast på plata Tinderbox frå 1986. I italienske Reggio Emilia vart Adelmo Fornaciari fødd. Songaren Zucchero har seld meir enn førti millioner plater på eiga hand, men hjå meg må du nøye deg med å høyre den hese røysta hans på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1968 kom skodespelaren Will Smith til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Solbrillefine Smith gjev ut plater på sida av all filminnspelinga og kan i mi platehylle høyrast på plata Willennium, som ikkje akkurat er mitt stoltaste kjøp. I 1970 vart Michael Melchiondo Jr. fødd i New Hope i Pennsylvania. Gitaristen Gene Ween kan i mi platehylle høyrast medan han spelar som gjestemusikar på Queens Of The Stone Age si plate Songs For The Deaf frå 2002. I 1980 døyde John Bonham, og Toy Dolls heldt konsert på Norseman Hotel i Peterlee. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på La Sorbonne i den skotske hovudstaden Edinburgh. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?, dette var hennar fjerde studioplate. I 2001 slepte Ryan Adams si andre studioplate Gold. I 2007 slepte Queen Latifah si sjette studioplate, Trav’lin’ Light.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar