17.09.2013

Syttande september

Syttande september 1951 vart Will Gregory fødd i engelske Bristol. Allsidige Gregory kan hjå meg høyarst medan han spelar obo for Tori Amos på plata Little Earthquakes frå 1992. I 1969 kom Keith Flint til verda i London. Flint var eigentleg dansar for The Prodigy, men er etter kvart forfremma til songar. Hjå meg kan Flint høyrast på plata The Fat Of The Land frå 1997. I 1979 slepte Judas Priest si fyrste konsertplate, Unlashed In The East, som vart spela inn under to konsertar i Tokyo på turnéen i Japan i februar same året. I 1982 slepte Phil Lynott soloplata The Phillip Lynott Album. The Clash slepte singelen Should I Stay Or Should I Go, som nådde syttandeplassen på dei britiske listene. Singelen vart relansert i 1991, denne gongen med topplassering som resultat. I 1987 var Toy Dolls i Portsmouth for å underhalde dei frammøtte på Basins. I 1991 gav Guns n’ Roses ut dei to Use Your Illution-platene, som begge selde i bøtter og spann og som truleg tok livet av den energien bandet var kjend for. Ozzy Osbourne nytta høvet til å sleppe plata No More Tears. Same dag gjekk eit amerikansk hardrockikon bort, Rob Tyner døyde så altfor tidleg. I 2002 gav Manu Chao ut konsertplata Radio Bemba Sound System. I 2006 døyde Al Casey.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar