03.11.2010

Tredje november

Tredje november 1954 vart den amerikanske cellisten Melissa Hasin fødd i Newport Beach i California. Hasin har ei imponerande merittliste som tel både Barbara Streisand og Tori Amos, men i mi platesamling er det på No Doubt-plata Tragic Kingdom frå 1995 ho kan høyrast. I 1960 kom tangentmannen i skotske Deacon Blue til verda. James Prime vart fødd i Kilmarnock og var med å starte bandet i 1985, men forlet den glade forsamlinga i 1998. I 1963 kom den norske biletkunstnaren May Iren Aasen til verda. Aasen er for massane kjend for å spele trommer for Jokke & Valentinerne og kan i mi platesamling høyrast medan ho held takten på platene III (1990) og Frelst (1991). I 1964 fekk verda høve til å kjøpe Elvis Presley sin versjon av den tyske barnesongen Muss I Den. Wooden Heart var henta frå familiefilmen G.I. Blues, den fyrste filmen der ”Kongen” ikkje spela rolla som rebell, og låg seks veker på topp av dei engelske listene, men fekk ikkje notert listeplassering i USA. I 1980 slepte Neil Young plata Hawks & Doves, der Levon Helm frå The Band slepte til på trommer på eit av spora. I 1981 vitja Toy Dolls Casablanca i Newcastle. I 1982 kom Toy Dolls til Fandangos i Hexham. I 1984 kom Iron Maiden med singelen Aces High. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls frå scenen på Tor III i Dusseldorf. I 1987 var Toy Dolls attende på Theatre Fabrik i Munchen. I 1989 var Exil i den tidlegare romerske grensebyen Trier åstad for ein Toy Dolls konsert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar