17.11.2010

Sekstande november

Sekstande november 1977 la Lynyrd Skynyrd spørsmålet What’s Your Name? ut på dei amerikanske singellistene, b-sida med tittelen I Know A Little gjev eit hint om at dei hadde ei aning. I 1978 var Led Zeppelin i ABBA-bastionen Polar Studios i Stockholm og spelte inn songen Darlene. Resultatet frå denne seansen kan høyrast på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1981 bydde datoen på konsert med AC/DC i Cobo Arena i Detroit. Tidlegare på dagen hadde Kiss slept konseptalbumet Music From The Elder, som på ingen måte vart den salssuksessen som bandet og produsenten Bob Ezrin hadde vona. Gitaristen Ace Freley forlet bandet etter at plata var spela inn og vart erstatta av Bruce Kullic. I 1982 døyde Al Haig. I 1989 var Salle de la Cite i Rennes arena for Toy Dolls sine herjingar. I 1992 slepte Mano Negra si fyrste liveplate, In The Hell Of Patchinko. Dette var mitt fyrste møte med bandet og eg hugsar enno at håra på armen min reiste seg då den rå energien strøyma ut av høgtalarane og inn i øyrene mine. Absolutt ei av dei beste platene eg har høyrd nokon sinne. I 1999 kom Will Smith si andre studioplate Willennium og eg har ikkje anna forklaring på at eg eig denne plata enn at ein kan få mykje rart for ein tiar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar