12.11.2010

Tolvte november

Tolvte november 1944 kom Booker T. Jones til verda. Jones er kjent som både musikar og produsent og arbeidd med alle dei store i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band og som musikar for stjerner som Willie Nelson og Bob Dylan. I 1945 vart den kanadiske superstjerna Neil Young fødd. Litt seinare vart han utstyrt med mellomnamnet Percival. Sjølv var eg så heldig at eg fekk oppleve Neil Percival Young på Koengen i Bergen i 2008. I 1964 vart bassisten David Ellefson fødd i den skandinaviske delstaten Minnesota. Ellefson slo seg saman med Dave Mustain og starta Megadeth i 1983, og det er på plata Rust In Peace han kan høyrast i mi platesamling. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York for å spele inn Splash som eigentleg var med på plata Circle In The Round frå 1979, men som i mi platesamling har fått plass som bonusspor på plata Water Babies. I 1987 var Toy Dolls i Sneeke for å spele på Bolwerk same dag som Cornelis Vreeswijk døyde. I 1991 kunne ihuga fans kjøpe ein Lynyrd Skynyrd-box med same namn som bandet. I 1995 var Rock City i Nottingham verskap for Ozzy Ozbourne sin Retirement Sucks-turné.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar