15.11.2010

Femtande november

Femtande november 1945 vart Anni-Frid Lyngstad fødd. Lyngstad vart fødd i Balangen i Troms i Noreg, men gjorde svenske av seg i ung alder og er mest kjend for tida som songar i den svenske superkvartetten ABBA og ekteskapet med felles ABBA-medlem Benny Andersson. I 1951 kom gitaristen Frank Infante til verda. Infante slo seg saman med gruppa Blondie i 1977 og spelte med dei fram til bandet vart oppløyst fyrste gong i 1982. Infante fekk ikkje tilbod om å vere med då bandet vart attforeina tidleg på 1990-talet. Seinare har Infante holdt koken saman med store namn som Iggy Pop, Joan Jett og 4Non Blondes. I 1972 kom Gasolin’ si andre plate, Gaz 2, på marknaden på denne dagen. I 1981 introduserte Iron Maiden den nye vokalisten, Bruce Dickinson for den engelske fansen. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i Detroit. I 1986 bydde dagen på plateugjeving frå Beastie Boys, meisterverket fekk namnet Licensed To Ill, ei plate som har selt i meir enn ni millionar eksemplar verda over. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i MJC jous les i Tours. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Apollo Theatre i Manchester.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar