01.11.2010

Fyrste november

Fyrste november 1960 stilte Elvis Presley stilte Elvis Presley spørsmålet mange ungjenter vona å få. Are You Lonesome Tonight? begeistra platekjøparane nok til at det var seks veker på fyrsteplass i USA, fire i England. I 1962 kom Red Hot Chili Peppers-vokalisten Anthony Kiedis til verda i Grand Rapids i Michigan. I tillegg til Kiedis sitt musikalske innslag, vert han gjerne hugsa for ei rekkje damehistoriar, og i mi platesamling er det forholdet til den aust-tyske punkdronninga Nina Hagen som utmerkjer seg. I 1972 gav Slade ut plata Slayed?, som inneheldt mange av dei store hitsa dei vert hugsa for i dag. Mama, We’re All Crazy Now nådde fyrsteplassen på dei britiske singellistene, Gudbuy T’Jane kom aldri høgare enn nummer to, men det sikra dei plass i historiebøkene. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls på Meerhaus i den sveitsiske hovudstaden, Bern. I 1987 var Toy Dolls innom Graz for å spele på Haus der Jugend. Same dag gav Black Sabbath ut plata The Eternal Idol, den fyrste plata der vokalist Tony Martin fekk prøve seg som frontmann. I 1989 var dette dagen då Cafe Europa i Bielefeld tok i mot Toy Dolls. I 1994 vart det høve til å kjøpe Nirvana sin akustiske MTV-konsert på plate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar