03.05.2010

Tredje mai

Tredje mai 1933 vart James Joseph Brown fødd. Brown er kjent som The Godfather Of Soul og har gjennom åra hatt ei mengde store hits som Papa’s Got A Brand New Bag, It’s A Mans World og ikkje minst slagaren Sexmachine. Samleplata Godfather Of Soul frå 1993 fungerar som ei grei oppsummering av ei lang karriere. I 1968 var Jimi Hendrix Experience i New York og spelte inn Voodoo Chile, den einaste singelen deira som fekk topplassering på listene. Det hendte i oktober 1970. I 1972 var Johnny Cash heime i Hendersonville og spela inn I Got A Boy And His Name Is John, ein duett med kona June Carter Cash. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar