12.05.2010

Tolvte mai

Tolvte mai 1942 vart den engelske bandleiaren Ian Dury fødd. Dury sleit med polio sidan ungdomen, men det hindra han ikkje i å spele inn fleire hitlåtar som Sex, Drugs & Rock’n Roll og Hit Me With Your Rhythmstick. Eg er stolt av å endeleg kunne seie at eg eig platene New Boots And Panties og Do It Yourself. Begge er kjøpt på tilbod på Posten for tjuefem kroner stykket. Kupp. Dury gjekk bort i 2000. I 1981 var singelen Grey Day galningane i Madness sitt bidrag på listene. Platekjøparane svara med å skaffe den alltid like livlige oktetten ein fin fjerdeplass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar