05.05.2010

Femte mai

Femte mai 1948 kom trommeslagar William Thomas ”Bill” Ward til verda. Ward er mest kjend for å ha heldt takten for Black Sabbath, som sjølvsagt er godt representert i mi platehylle. Ward var stadig eit offer for gitarist Iomi sine practickal jokes, han tende fyr på den stakkars trommisen sitt skjegg. Ward har ukjend side som veganar, men er nok mindre kjend for det, noko som i seg sjølv er godt, for han er nok ein mykje betre trommeslagar. Men ein slik diett opnar likevel for overraskande mange gode måltid. Eg såg Ward og resten av ungdomsheltane i Black Sabbath på Koengen i Bergen for nokre år sidan og har det lagra i minnet mitt som eit av mine beste konsertminne. I 1967 kom The Wind Cries Mary på marknaden og skaffa gitarguruen Jimi Hendrix og resten av bandet Experience ein fin sjetteplass på dei engelske listene. I 1982 var Toy Dolls i London for å halde konsert på legendariske Marquee Club.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar