09.05.2010

Niande mai

Niande mai 1947 kom Uriah Heep gitaristen Mick Box til verda i London som Michael Frederick Box. Box har vore med i den engelske hardrockgruppa Uriah Heep sidan starten og har såleis opplevd både oppturar og nedturar med bandet som ein gong i tida fylte store konsertsalar over heile verda. Box er ein gudnåda gitarist som briljerte stort under ein konsert på Maxime i Bergen i 1989.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar