19.05.2010

Nittande mai

Nittande mai 1945 kom The Who-gitaristen og låtskrivaren Pete Townshend til verda i eit utbomba etterkrigs-London. Nokre år seinare var Townshend mannen som fekk alle unge wanna be rockarar til å forstå at gitarknusing er nesten like tøft og viktig som sjølve gitarspelinga. Saman med dei andre i The Who fekk Townhend satt ord på ungdommeleg frustrasjon gjennom siste halvdel av sekstitalet og heile syttitalet. I dag har nok frustrasjonen lagt seg hjå den eminente gitaristen, men songane kling like bra. Eg høyrer gjerne på Tommy og Who’s Next om eg vil høyre Townshend sitt arbeid, men andre eldre plater, som A Quick One, med meir, fungerar greitt om det er behov for å få opp stemninga i huset på ein regnvåt kveld. I 1949 vart Dusty Hill fødd som Joseph Michael Hill. Texanaren Dusty Hill er bassist i skjeggrockbandet ZZ Top og har fryda oss med tung bluesrock i meir enn førti år. Eg er stolt innehavar av platene Fandango, Tres Hombres og Recycler. I tillegg kan eg by på ei litt suspekt samling kalla Viva Las Vegas. I 1951 vart Joey Ramone fødd som Jeffry Ross Hyman. Joey Ramone er kjend som den karismatiske vokalisten i punkgruppa Ramones, men gjekk diverre bort i 2001. I 1954 vart AC/DC-trommeslagaren Phil Rudd fødd som Phillip Hugh Norman Witshke Rudzevecuis og alle som slit med rettskriving forstår kvifor han har valt å forenkle namnet sitt. Phil slo i fyrste omgang trommer for kengururockarane frå 1975 og til 1983. Etter ein lang pause, slo han seg saman med bandet igjen i 1994 og er framleis med bandet. I 1975 slepte Lynyrd Skynyrd singelen Saturday Night Special. I 1980 opptrådde Ramones på fjernsynsshowet SHA NA NA i Los Angeles, California. I 1984 kom Toy Dolls og underheldt ungdomen i Youth Hall i Leiden. I 1986 gav Ramones ut plata Animal Boy. Plata vart produsert av Jean Beauvoir og spelt inn i Intergalactic Studios og Media Sound i 1985.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar