12.11.2017
Tolvte november
Tolvte november 1944 kom Booker T. Jones til verda i musikkhovudstaden Memphis i Tennessee. Jones, som kurriøst nok ikkje har noko mellomnamn, berre ein T. midt i namnet, er kjent som både musikar og produsent og har arbeidd med alle dei store namna i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band, det legendariske instrumentalbandet Booker T & The MG’s på samleplata The Best Of Booker T. & The MG’s, og som musikar for stjerner som Willie Nelson på plata Stardust frå 1978, og som bassist på Bob Dylan si plate Pat Garret & Billy The Kid frå 1973. Jones er også kreditert for tangentspel på Soul Asylum si plate Grave Dancers Union frå 1992. I 1945 vart Neil Percival Young fødd i den forblåste storbyen Toronto. Den kanadiske superstjerna Neil Young har, aleine og saman med bandet Crazy Horse gjeve ei rekkje sterke bidrag til platehylla mi, det er diverre ikkje plass til å ramseo opp alle her, men eg lovar at det vert fleire. Før solokarrieren var Young med i supergruppa Buffalo Springfield, eit band han har songe om i songen Buffalo Springfield Again, som også er tittelen på den plata som er bandet sitt bidrag til mi platehylle, i tillegg finn du også Young kreditert for gitarspel, med meir, på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, munnspel på songen Furry Sings The Blues på Joni Mithchell si plate Hejira frå 1976, for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og hjelpevokal på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. Sjølv var eg så heldig at eg fekk oppleve Neil Percival Young på Koengen i Bergen i 2008, eit minne for livet. I 1947 kom Donald Roeser til verda på Long Island i New York. Buck Dharma er vokalist og gitarist i Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1953 vart Malcolm Macdonald fødd Lochmaddy i Skotland. Calum Macdonald har hatt fast jobb som perkusjonist for Runrig sidan starten i 1973 og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988. I 1955 kom Leslie Richard McKeown til verda i Edinburgh. Les McKeown var songar i Bay City Rollers og kan hjå meg høyrast på samleplata The Magic Collection. I 1957 var Johnny Cash i Memphis og spela inn songen Big River, produsent var Jack Clement. I 1959 vart Lester Butler fødd i den amerikanske delstaten Virginia. Munnspelvirtousen Butler var kjend frå rootsbandet The Red Devils, hjå meg kan bidraget hans på eitt spor Rancid si studioplate Life Won’t Wait frå 1998, i tillegg til utvalde spor på avdøyde Johnny Cash si samleplate Unearted frå 2003. Butler sleit med rusproblem og døyde av ein overdose i 1998. I 1964 vart David Warren Ellefson fødd i Jackson i den skandinaviske delstaten Minnesota. Bassisten David Ellefson slo seg saman med Dave Mustain og starta Megadeath i 1983, og det er på plata Rust In Peace frå 1990 han kan høyrast i mi platesamling. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i storbyen New York for å spele inn songen Splash, som eigentleg var med på plata Circle In The Round frå 1979, men som i mi platesamling har fått plass som bonusspor på ei nyutgjeving av samleplata Water Babies som fyrste gong kom på marknaden i 1976. I irske Ruan kom Sharon Shannon til verda. Shannon kan i mi platehylle høyrast medan ho spelar fele og akordion på The Waterboys si femte studioplate Room To Roam frå 1990. I 1987 var Toy Dolls i Sneeke for å spele på Bolwerk same dag som Cornelis Vreeswijk døyde. I 1991 kunne ihuga fans kjøpe ein Lynyrd Skynyrd-box med same namn som bandet. I 1995 var Rock City i fotballbyen Nottingham vertskap for Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turné. I 1999 døyde Ed Black og Marilyn Manson slepte konsertplata The Last Tour On Earth. I 2000 spelte ein Steve Earle i storform med fullt band i levande live på fjernsynsprogrammet Austin City Limits. Denne konserten er tilgjengeleg som DVD-plata Live From Austin TX. I 2001 kunne trufaste The Cure-fans kjøpe samleplata Greatest Hits, som var ein dobbel CD med det meste av det beste frå bandet. I 2002 var det plateslepp for Missy Elliot si fjerde studioplate, produktet fekk tittelen Under Construction og vart seinare nominert til Grammy-pris. I 2003 døyde Tony Thompson. I 2004 slepte No Doubt-vokalist Gwen Stefani soloplata Love. Angel. Music. Baby. I 2007 slepte Led Zeppelin den doble samleplata Mothership.
11.11.2017
Ellevte november
Ellevte november 1930 kom Walter Louis Garland til verda i Cowpens i South Carolina. Gitaristen Hank Garland spelte gjennom ein hektisk femtenårsperiode med store amerikanske country-artistar som Patsy Cline og Roy Orbison. I mi platehylle er det hjå sjølvaste kongen, Elvis Presley, på samleplata 30 #1 Hits gitarspelet hans kan nytast. Garland døyde i 2007. I 1940 vart Dennis James Coffey fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Gitaristen Dennis Coffey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata I Want You, som Marvin Gaye slepte i 1976. I 1953 såg Andrew John Partridge dagens lys i Mtarfa på Malta. Andy Partridge si merittliste er vokalist og gitarist, i tillegg til kunstnarisk leiar for det britiske New Wave-bandet XTC, som hadde utspringet sitt i engelske Swindon. Hjå meg kan Partridge høyrast på plata Black Sea frå 1980. I 1962 kom Gunnar Mathias Michaeli til verda i ein av Stockholm sine forstadar. Tangentmannen Mic Michaeli sitt bidrag til mi platesamling finn du på Europe si tredje studioplate, The Final Coundown frå 1986. I 1963 vart den amerikanske songarinna Javetta Steele fødd i Gary i Indiana. Hjå meg kan Steele høyrast som hjelpevokalist på 10 000 Maniacs si plate Blind Man’s Zoo frå 1989. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York for å spele inn Two Faced og Dual Mr. Anthony Tillmon Williams Proces. Begge songane kan høyrast på samleplata Water Babies frå 1975, og med i studio var Wayne Shorter, Chick Correa, Herbie Hancock, Dave Holland og Tony Williams. I 1977 kunne Gasolin’ si sjuande studioplate, Gør Det Noget, kjøpast for pengar, i og med at plata var tilgjengeleg i butikken, kunne ho også stelast, men det var ikkje så populært. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Wilhelm II i Den Bosch. I 1991 slepte Genisis si fjortande studioplate, We Can’t Dance. I 1995 kunne Ozzy Osbourne opplevast i levande live i Civic Hall i Wolverhampton. I 1997 slepte Ozzy Osbourne samleplata The Ozzman Cometh, som hadde fleire tidlegare uutgjevne spor frå Black Sabbath-tida. Skikkeleg mat for fansen med andre ord. I 2015 døyde Phil «Philty Animal» Taylor, ein trist dag for alle fans av grumsete rock ‘n roll. I 2016 døyde Victor Bailey.
10.11.2017
Tiande november
Tiande november 1946 vart James Earl Gilstrap fødd i Pittsburg, nei, ikkje stålbyen i Pennsylvania, men ein liten småby i skytegale Texas. Songaren Jim Gilstrap hadde eit par solohits på syttitalet, men hjå meg kan han høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på Michael Jackson si plate Off The Wall, som kom på marknaden i 1979, og på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1947 kom Glen Edward Buxton til verda i Akron i Ohio. Glen Buxton var med å starte Alice Cooper Band og er kreditert som komponist på fleire av dei store slagarane bandet hadde på byrjinga av syttitalet. Hjå meg kan Buxton høyrast på platene Schools Out frå 1972 og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973. Buxton døyde i 1997. I 1958 vart Brian Taylor fødd. Trommisen Dolphin Taylor har spela med Stiff Little Fingers, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Tom Robinson Band, eit band han forlet i 1978. I 1964 vart Chris Connely fødd i skotske Edinburg. Connely har ei fortid som tangentmann i Ministry og kan hjå meg høyrast på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1966 kom Stephen Patric Mackey til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Bassisten Steven Mackey spelte i Pulp og kan i mi platehylle høyrast på plata Different Class frå 1995. På denne dagen var også The Who i CBS Studios i London og spelte inn Happy Jack, også denne gongen med Kit Lambert som produsent. I 1967 kunne ein treffe The Who i De Lande Lea Studios i London der dei var i ferd med å spele inn sin eigen versjon av Eddie Cochran sin låt May Way. I 1970 vart Eric Sardinas fødd i Fort Lauderdale i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Sardinas er inspirert av fleire store namn innan bluessjangeren, og får gode skussmål frå gitarhelten Steve Vai. Hjå meg kan Sardinas sitt gitarspel høyrast på Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1973 kom den kvinnelege vokalisten i The Beautiful Sout, Jacqui Abbot, til verda i St. Helens, nordvest i England. Dama med døypenamnet Jaqueline Abbot forlèt bandet etter at hennar bidrag til mi platehylle, studioplata Painting It Red kom på marknaden i 2000. I 1974 slepte Uriah Heep si sjuande studioplate, Wonderworld. I 1975 nytta Neil Young dagen til å gje ut plata Zuma, som han hadde spelt inn saman med dei hardtrockande kompisane sine i Crazy Horse. I 1978 vart Drew McConnell fødd i irske Dublin. Bassisten McConnell sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Babyshambles si debutplate Down In Albion frå 2005. I Philadelphia i Pennyslvania vart Eve Jihan Jeffers fødd. Rapparen Eve sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gwen Stefani si soloplate Love. Music. Angel. Baby. frå 2004. Same dag fekk BBC One sine entusiastiske sjåarar oppleve AC/DC i eit opptak frå University Of Essex. Musikkelskande fjernsynssjåarar kunne nyte dei framtidige slagarane Problem Child, Sin City og Bad Boy Boogie. For dei som måtte kjenne for å gjennoppleve denne hendinga er det berre å gå til innkjøp av DVD-samlinga Plug Me In. I 1981 inntok Toy Dolls East Stanley Club i Stanley, same dag som den hårfine gjengen i Mötley Crüe platedebuterte med Too Fast For Love. I 1987 bydde dagen på Toy Dolls-konsert på Paradiso i Amsterdam. I 1989 var Toy Dolls på tur til Toulouse der dei spelte på Bikini. I 1997 døyde Tommy Tedesco. I 2008 døyde Miriam Makeba.
09.11.2017
Niande november
Niande november kom 1936 vart Mary Allin Travers fødd i Louisville i Kentucky. Songerinna Mary Travers vart verdskjend som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet, hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. Travers døyde i 2009. I 1941 kom Thomas Richard Fogerty til verda i Berkeley i California. Tom Fogerty er storebroren til meir kjende John Fogerty og var den fantastiske gitaristen i Creedence Clearwater Revival, som herja platelistene for eit par generasjonar sidan. I mi platehylle finn du Fogerty sitt gitarspel på samleplata The Complete Hit-Album Vol. 1., som neppe kjem på bandet si offisielle liste over utgjevingar, men likevel inneheld det mest essensielle frå bandet si storheitstid. Fogerty døyde i 1990. I 1942 vart Richard Greene fødd i luksuriøse Beverly Hills like utanfor storbyen Los Angeles i California. Felespelaren Greene vert rekna som ein av dei framste i sin bransje og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, i tillegg til The Fire Inside, som Bob Seger & The Silver Bullet Band slepte i 1991. I 1948 vart Joseph Bouchard fødd i Watertown i delstaten New York. Bassisten Joe Bouchard spelte i Blue Öyster Cult, og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Spectres frå 1977. I 1951 kom Frode Rønli til verda i Sandnes. Rønli er kjend som ernergisk frontmann i Stavangerensemblet og kan i mi platehylle høyrast på åttitalsklassikarane Ska det ver…Så Ska Det Ver (1981) og Knappar Og Glansbilder (1984). I 1954 vart Dennis Stratton fødd i engelske Canning Town. Gitaristen Stratton spelte i Iron Maiden frå 1979 til 1980 og deltok på innspelinga av bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 1980. I 1973 vart Willy Marhaug fødd. William Hut er best kjend som ein av grunnleggjarane av Poor Rich Ones, og for ei strålande solokarriere, hjå meg kan han høyrast med hjelpevokal på Furia si plate …And The We Married The World frå 2003. I 1985 kom W.A.S.P. si andre studioplate, The Last Command. Sidan sist hadde Steve Riley erstatta Tony Richards på stolen bak trommesettet. Blind In Texas og Wild Child kan i tillegg høyrast i remixa versjonar på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. Same dagen døyde Kenny Hagood. I 1986 fekk Paradiso i Amsterdam vitjing av Toy Dolls. I 1987 nytta Toy Dolls kvelden til å spele på Bisqethalle i Bonn. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Rockstore i Montpellier. Same dag døyde Pancho” Hagood. I 1991 døyde Yves Montand. I 1992 gav Mano Negra ut konsertplata In The Hell Of Patchinko. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Guildhall i hamnebyen Portsmouth. I 2015 døyde Andy White.
08.11.2017
Åttande november
Åttande november 1926 kom Ray Quarles Edenton fødd i Mineral i Virginia. Gitaristen Ray Edenton har spela med ei lang rekkje kjende amerikanske artistar og kan i mi platehylle høyrast på Johnny Cash sine studioplater Orange Blossom Special (1965), America: A 200-Year Salute In Story And Song (1972) og Ragged Old Flag (1974), i tillegg til studioplata Comes A Time, som Neil Young slepte i 1978. I 1944 vart Bonnie Lynn O’Farrell fødd i Alton i Illinois. Songerinna Bonnie Bramlett er eit stort namn i det amerikanske bluesmiljøet, hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Bramlett har gifta seg på ny og skifta etternamn til Sheridan når ho syng bakgrunnvokal på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. Også ein av Ronnie Van Zandt sine barndomskompisar, trommisen Ronnie Nix kom til verda denne dagen. Trommeslagaren Nix sin største meritt her i verda er at han heldt takten på songen Tuesday’s Gone på Lynnyrd Skynnyrd si debutplate (Pronounced 'lĕh-'nérd 'skin-'nérd). Hjå meg kan denne perla nytast på samleplata The Essential Lynnyrd Skynnyrd frå 1998. Nix døyde i 2012. I 1949 kom Bonnie Lynn Raitt til verda i Burbank i California. Bonnie Raitt har hjerja countrylistene med eiga karriere, men hjå meg høyrest ho med vokalhjelp på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. I 1954 vart den amerikanske artisten Rickie Lee Jones fødd i Chicago i Illinois. Den allsidige songarinna var i mange år betre kjend for å vere dama til Tom Waits enn for eigne prestasjonar, men det er ikkje tvil om at ho står seg godt på eiga hand. Jones er i mi platehylle representert med plata The Magazine frå 1984. I 1957 kom Paul Stephen Thomson til verda i tennisen sitt hovudkvarter, Wimbledon. Gitaristen Porl Thomson er best kjend for arbeidet han gjorde med The Cure og heime hjå meg høyrer du han på plata Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987. I 1958 vart Donald Byron fødd i New York City. Multiinstrumentalisten Don Byron kjem frå ein musikalsk familie og har sikra seg klassisk skolering. Hjå meg kan Byron sin klarinett høyrast på utvalde spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998. I 1968 kom den amerikanske skodespelaren Parker Christian Posey til verda i Baltimore i Marryland. Parker Posey lærte seg å spele mandolin i samband med ei rolle i filmen A Mighty Wind frå 2003, noko The Dandy Warhols sørgja for å utnytte, Posey spelar mandolin på songen I Am Sound frå plata Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1970 kom reggeaartisten Diana King til verda i Spanish Town i øystaten Jamaica. King platedebuterte med Tougher Than Love i 1995, ei plate som også har fått heim hjå meg. I 1971 fekk platekjøparane høve til å sikre seg Led Zeppelin si fjerde studioplate, Led Zeppelin IV. Plata inneheld klassikaren Stairway To Heaven, gruppa sin best kjende song, som utruleg nok aldri vart gjeven ut som singel. Også Uriah Heep nytta dagen til plateslepp, produktet fekk tittelen Look At Yourself og var bandet si tredje studioplate. I 1980 fekk platekjøparane høve til å hente heim Motörhead si etter kvart udødlege Ace Of Spades plate. I 1984 døyde songerinna Tasha Thomas, som i mi platehylle er kreditert for å syngje bakgrunnsvokal på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. I 1986 venta Madness på toget. Singelen Waiting For The Ghost Train stogga på ein åttandeplass på platelistene. Gutane i Toy Dolls nytta dagen til å spele på De Koog i Noordesharwoude. Same dag slepte W.A.S.P. den tredje plata si, Inside The Electric Circus. Etter at Randy Piper forlèt bandet har Blackie Lawless gått over til gitar og bassisten Johnny Rod er på plass. Ein remixa versjon av I Don’t Need No Doctor kan høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1989 såg dei frammøtte på Ferrand Maison du People i Clermont Toy Dolls gjere sitt frå scenen. I 1990 var Violent Femmes på vitjing til Australia og spelte live på The Palace i den australske olympiabyen Melbourne. Songen Kiss Of frå denne konserten kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 var Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turne komen til Regent Theatre i Ipswich. Fear Factory varma opp for The Mad Man. I 2007 døyde Stuart Scharf. I 2013 døyde Philip Chevron.
07.11.2017
Sjuande november
Sjuande november 1943 vart Roberta Joan Andreson fødd i Fort McLeod i canadiske Alberta. Joni Mitchell var med å setje sitt preg på den nordamerikanske folkrock-scena på sekstitalet og har samarbeida med dei fleste av dei store artistane frå den tida. I mi platehylle finn du Mitchell sine bidrag til musikkhistoria på hennar åttande studioplate Hejira frå november 1976. Mitchell syng også på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, og er også kreditert for vokalhjelp på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1963 kom bassisten Petter Taranger til verda i Bodø. Petter Pogo har vore innom ei rekkje punkband i både heimbyen Bodø og i Oslo, men har gjort størst suksess i Jokke & Valentinerne, der han fekk med seg ein spelemannspris for plata Frelst i 1991. I 1964 vart Liam Ó Maonlaí fødd i Monkstown, ikkje langt frå den irske hovudstaden Dublin. Maonlaí var ein av grunnleggjarane av Hothouse Flowers i 1985 og kan hjå meg høyrast på plata Songs From The Rain frå 1993, i tillegg til at han er kreditert for å spele irsk trommet og piano på plata Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. I Kingston på Jamaica kom Sandra Denton til verda. Denton voks opp i Queens i New York City og er kjend som Pepa i raptrioen Salt’n Peppa. Hjå meg høyrer du Denton på studioplata Very Necessary frå 1993. I 1969 spela Crosby, Stills, Nash & Young inn nydelege Helpless i Wally Heider studios. For dei som ikkje vil investere i Neil Young Greatest Hits er Crosby, Stills, Nash & Young-plata Deja Vu ein grei stad å leite etter denne perla. Same dag gav ein ung og framstormande David Bowie ut plata Space Odity. I 1970 vart Edward Neil Hannon fødd i nordirske Derry. Neil Hannon er einaste gjenværande originalmedlemm i The Divine Comedy og kan i mi platehylle høyrast med bakgrunnsvoka på Robbie Williams si studioplate I’ve Been Expecting You frå 1998, og på sporet All Mine frå Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1974 vart Christer Engen fødd. Engen, som også nyttar scenenamnet Chris Summers har ei fortid i både Big Bang, Turboneger og Euroboys. Hjå meg kan Summers høyrast på platene Retox, som Turboneger slepte i 2007, og Soft Focus, som var Euroboys sitt bidrag til populærkulturen i 2005. I 1981 hadde Le-Metro i Sunderland gleda av å presenterer Toy Dolls som den lokale haustunderhaldninga. I 1982 var dette datoen Iron Maiden opna sin fyrste Australia-turné og ti konsertar venta dei ”down under”. I 1986 døyde Tracy Pew, same dag som ein kunne oppleve Toy Dolls i Youth Hall i Den Bosch. I 1987 bydde denne dagen på ein konsert med Toy Dolls i Waginingen Youth Club. I 1988 slepte Iron Maiden singelen The Clairvoyant, som tok seg til sjetteplass på listene. R.E.M. sitt bidrag til platemarknaden fekk tittelen Green og var bandet si sjette studioplate. I 1989 var Toy Dolls på scenen og underheldt på Le Transbordeur i den franske mathovudstaden Lyon. I 1995 spelte R.E.M. i Paramid Arena i Memphis i Tennessee. Songen Bittersweet Me på plata New Adventures In Hi-Fi frå 1996 skal vere spela inn under lydprøven til denne konserten. I 1997 gav Ulf Lundell ut si sekstande studioplate, Män Utan Kvinnor, produsert av Lars Halapi. I 2006 døyde Sonny Cohn. I 2016 døyde Leonard Cohen.
06.11.2017
Sjette november
Sjette november 1941 kom Douglas Wayne Sahm verda i myteomspunne San Antonio i skytegale Texas. Dough Sahm var ein av Tex-Mex musikken sine mest markante skapningar og debuterte som musikar i ein alder av fem år, han spelte i ulike band fram til han starta Sir Douglas Quintett i 1965. SDQ hadde ei rekkje hits og gjorde stor suksess i Skandinavia. Saman med kompisen Freddy Fender og Augie Myers og Flaco Jimenez starta Sahm Texas Tornados i 1990. Bandet gav ut fire plater og fekk med seg ein Grammy. Hjå meg kan Sahm høyrast saman med Sir Douglas Quintet på samleplata Scandinavian Years (2008), og saman med Texas Tornados på studioplata Hangin’ On By A Thread (1992), og på samleplata Best Of The Texas Tornados (1994). Sahm døyde i 1999. I 1948 vart John Russel Morgan fødd i Los Angeles i California. Bassisten Rushton Moreve spelte i det legendariske motorsykkelbandet Steppenwolf og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Steppenwolf frå 1968. Rushton Moreve døyde i ei motorsykkelulukke i 1981. I skotske Glasgow kom George Redburn Young til verda. Seinare utvandra heile Young-familien til Australia og unge George toppa hitlistene verda over saman med resten av The Easybeats med hiten Friday On My Mind. Men det er kan hende som produsent for dei to yngre brørne sine George Young har gjort seg best kjend, han har produsert dei tidlegaste AC/DC-platene, og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar bass på Little Lover og She’s Got Balls på den internasjonale versjoen av plata High Voltage frå 1975. Young døyde i 2017. Også i Michigan, nærare bestemt i bilbyen Detroit vart det fødd ei stjerne denne dagen. Glenn Lewis Frey er mannen bak mange av dei store slagarane frå country-rock heltane i Eagles. Hjå meg kan Glenn Frey høyrast som sologitarist på utvalde spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate Stranger In Town frå 1978. Frey er også kreditert for vokalhjelp på plata Against The Wind (1980) frå same band. Frey døyde i 2016. I 1961 kom Craig Goldie til verda i San Diego i California. Gitaristen Goldie har vore innom band som Venegance og Rough Cut, men i mi platehylle er det som gitarist på Dio-plata Dream Evil frå 1987 han kan høyrast. I London kom Ricky Smith til verda. Musikaren og plateprodusenten Ricky Wilde kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar ulike instrument på systera Kim Wilde si plate Love Is frå 1992. I 1964 kom Gregory Walter Graffin til verda i Racine i Wisconsin. Geologiprofessoren og vokalisten Greg Graffin er i dag einaste gjenværande originalmedlem av Bad Religion og kan i mi platehylle høyrast medan han gaular ut si vrede på platene Stranger Than Fiction frå 1994, og No Substance (1998). I Brooklyn i New York City vart Corey Glover fødd. Vokalisten Glover er frontmann i Living Colour, eit band som prydar mi platehylle med platehylle med studioplata Stain frå 1993. I 1968 kom Eric Newkirt Singleton til verda i New York City. Rapparen Eric Singleton sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Modern Talking si plate Back For Good frå 1998. I 1970 vart Matt Johnson fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Trommeslagaren Johnson kan hjå meg høyrast medan han held takten for Jeff Buckley på debutplata Grace frå 1994, og for Rufus Wainwright på studioplata Want One frå 2003. I 1978 nytta Blondie kvelden til å underhalde i The Walnut Theatre i Philadelphia i Pennsylvania, I Know But I Don’t Know kan høyrast som bonuskutt på nyutgjevingar av studioplata Parallel Lines frå 1978. I 1981 var det punkrock på programmet i Brewers Arm i Durham, underhaldninga var det Toy Dolls som stod for. I 1986 var endeleg Toy Dolls attende på Bolverk i hollandske Sneek. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hamburg for å spele på Markthalle. I 1988 var Iron Maiden-singelen Infinite Dreams til sals, det same var videoen Maiden England. I 1989 slepte Uriah Heep si syttande studioplate, Raging Silence. I 1990 gav The Pogues ut plata Hells Ditch, og Scorpions slepte plata Crazy World, som var deira ellevte studioplate og byr på den særs plagsame Wind Of Changes. I 1992 platedebuterte Rage Against The Machine med ei sjølvtitulert plate. I 2004 døyde Pete Jolly.
05.11.2017
Femte november
Femte november 1931 kom Ike Wister Turner til verda i Clarksdale i Mississippi. Gitaristen Ike Turner stod for den drivande gode gitarlyden i duoen Ike & Tina Turner på slutten av sekstitalet, men vert gjerne hugsa for å ha brukt nevane til anna enn gitarspel. Turner skal ha banka kona Tina Turner ut av ektesenga og ned i rennesteinen, noko som har gjeve ein glitrande musikar eit heller slett ettermæle. Hjå meg kan Turner høyrast på samleplata 18 Classic Tracks, kreditert Ike & Tina Turner, og med pianospel på Gorillas si plate Demon Days frå 2005. Ike Turner døyde i 2007. I 1947 vart Peter Blair Denis Bernard Noon fødd i nærleiken av den engelske industribyen Manchester. Peter Noon var vokalist og spela rolla som Herman i det engelske tyggegummipopbandet Herman’s Hermits, som produserte ei rekkje hits på sekstitalet. Hjå meg kan Noon høyrast på samleplata No Milk Today. I 1956 kom Jefferey Victor Watson til verda i den californiske hovudstaden Sacramento. Gitaristen Jefferey Watson var ein av grunnleggjarane av Night Ranger, eit band han sa takk for seg i i 2007. Hjå meg kan Watson sitt gitarspel høyrast på Chris Isaak si plate San Francisco Days frå 1993. I 1959 kom Bryan Guy Adams til verda i Kingston, nei ikkje på Jamaica, men i Ontario. Rockesviskesongaren Bryan Adams har herja listene med bidrag av ulik kvalitet dei siste åra, og Waking Up The Neighbours frå 1991, som du finn i mi platehylle, er neppe det beste produktet hans. Adams er også kreditert for vokalhjelp på Tina Turner si studioplate Twenty Four Seven frå 1999. I 1960 vart den tidlegare Wilco-trommisen Ken Coomer fødd. Coomer sitt bidrag til mi platehylle finn du på Wilco si tredje og fjerde studioplate Summerteeth (1999) og Yankee Hotel Foxtrot frå 2002. I 1965 vart Angelo Christopher Moore fødd i Los Angles i California. Poeten Angelo Moore var ein av grunnleggjarane av Fishbone, og hjå meg høyre du han på spele saksofon for Jane’s Addiction på deira fyrste studioplate Nothing’s Shocking frå 1988. Moore er også kreditert for bakgrunnsvokal på Red Hot Chili Peppers si tredje studioplate The Uplift Mofo Party Plan frå 1987. The Who nytta dagen til å gje ut singelen My Generation, som også var titelen på debutplata som kom ut ein månad seinare. Singelen nådde andreplassen på listene. I 1971 kom Jonathan Richard Guy Greenwood til verda i den engelske universitetsbyen Oxford. Gitaristen Jonny Greenwood spelar til dagleg i Radiohead og kan i mi platehylle nytast på platene Pablo Honey (1993) og OK Computer (1997). I 1973 kunne sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd sin singel Gimme Three Steps kjøpast for pengar. I 1974 kom David Ryan Adams til verda i Jacksonville i North Carolina. Ryan Adams er ein utruleg produktiv og kreativ artist som, enn så lenge, er representert i mi platehylle med Gold (2001), Love Is Hell frå 2004, og Easy Tiger, som kom på marknaden i 2007. I 1980 stod Coach and Eight i Durham som vertskap for Toy Dolls. I 1982 kom Toy Dolls til Central Club i Newbiggen. I 1983 var The Sun And The Rain tema for Madness sitt listebidrag. Publikum var såpass fornøgd at det vart ein femteplass. I 1986 kunne fastbuande og tilreisande i Köln gå på Luxor og sjå Toy Dolls spele. I 1987 spelte Toy Dolls på Batschlapp i Frankfurt. I 1996 gav Johnny Cash ut plata Unchained. Plata var nummer to i serien American Recordings og produsent var framleis skjeggpryda Rick Rubin. I 2002 gav Johnny Cash ut plata American IV: The Man Comes Around. Plata var den fjerde i samarbeidsserien med Rick Rubin og resulterte i eit ras av nominasjonar og titlar på utdelingar som Grammy og MTV Awards. Dagen bydde også på plateslepp frå Justin Timberlake, debutplata Justified selde i meir enn sju millionar eksemplar.
04.11.2017
Fjerde november
Fjerde november 1928 vart Lawrence Benjamin Bunker fødd i Long Beach i California. Trommeslagaren Larry Bunker har namn som Gerry Mulligan, Ella Fitzgerald og Billy Holiday på merittlista, men hjå meg er det på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992 trommespelet hans kan høyrast. Larry Bunker døyde i 2005. I 1954 kom Christopher Henry Difford til verda i London. Chris Difford er best kjend for arbeidet med bandet Squeeze, men hjå meg finn du arbeidet hans på Joe Cocker si studioplate Across from Midnight frå 1997. I 1955 vart Stefan Glaumann fødd. Musikkprodusenten Glaumann har produsert alle platene Imperiet gav ut og hjå meg kan er han også kreditert for å spele virveltromme på Imperiet si plate Synd frå 1986. I 1956 kom Noel McCalla til verda i London. Songaren McCalla er best kjend for å synge i Manfred Mann’s Earth Band frå 1991 til 2006 og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered frå 1999. I 1974 vart Cedric Bixler-Zavala fødd i Redwood City i California. Songaren Bixler-Zavala syng til vanleg i The Mars Volta, og er kjend for ei røyst med eit enormt vokalspenn. Hjå meg kan Bixler-Zavala høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1976 kom kubanskætta Freddy Cricien til verda. Cricien tenar til vanleg til livets opphald som vokalist i det amerikanske punkbandet Madball, og den som stikk innom ein dag eg er i godlune, kan få høyre han skrike lungene sine ut på plata Hold It Down frå 2000. I 1977 var dagen Ramones kom med plata Rocket To Russia. Åstad for innspelinga av meisterverket var Media Sound, New York i august og september same år og produsentar var Tony Bongiovi og T. Erdelyi aka trommeslagar Tommy Ramone. Songane Rockaway Beach, Teenage Lobotomy, Cretin Hop og We’re A Happy Family kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1978 spelte Blondie live på The Paradise i Boston. Deira versjon av Marc Bolan sin Bang A Bong (Get It On) kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines frå 1978. I 1980 var The Who i Odessey Studios i London og spelte inn You Better You Bet. Erstattar for avdøyde originaltrommeslagar Keith Moon var flittige Kenny Jones. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Biddic Farm Centre i Washington. I 1986 fekk gjestane på Zeche oppleve ein konsert Toy Dolls. I 1987 var Toy Dolls i Freiburg for å spele på Cräsh. I 1989 var Toy Dolls og rocka Paris frå scenen i Elysee Montmartre. I 1991 kom My Bloody Valentine si andre studioplate Loveless. I 1992 enda Iron Maiden sin Fear Of The Dark Tour i Yoyogi Olympic Pool i Japan. I 1994 døyde Fred ”Sonic” Smith. I 1995 spelte R.E.M. i Dessert Sky Pavillion i Phoenix. Songen Binky The Doormat vart spela inn under konserten denne kvelden, medan Electrolite vart festa til band under lydprøven, begge kan høyrast på plata New Adventures In Hi-Fi, som kom på marknaden året etter. I 2002 slepte Badly Drawn Boy plata Have You Fed The Fish?, som inneheld hans einaste topp ti single You Were Right. I 2004 døyde Robert Heaton. I 2005 døyde Milton Holland.
03.11.2017
Tredje november
Tredje november 1926 kom Billy Mitchell til verda i Kansas City i Missouri. Billy Mitchell vert rekna som ei av drivkreftene i jazzmiljøet i bilbyen Detroit i Michigan under andre verdskrigen. Hjå meg kan Mitchell sin saksofon høyrast på Count Basie si samleplate Atomic Swing frå 1999. Mitchell døyde i 2001. I 1952 vart Derek Peter Palmer fødd i London. Musikaren Del Palmer er i mi platehylle kreditert for å spele bass på eksen Kate Bush si plate Lionheart frå 1978. I 1954 vart Melissa Hasin fødd i Newport Beach i California. Cellisten Missy Hasin har ei imponerande merittliste som tel både Barbara Streisand, Page & Plant og Nathalie Cole, men i mi platesamling er det på platene Under The Pink, som Tori Amos slepte i 1994, og Tragic Kingdom, som No Doubt gav ut i 1995, arbeidet hennar kan høyrast. I 1960 kom tangentmannen i skotske Deacon Blue til verda. James Prime vart fødd i Kilmarnock og var med å starte bandet i 1985, men forlèt den glade forsamlinga i 1998. Same dag kom Matthew James Ashman til verda i Barnet. Matthew Ashman spelte gitar i Adam & The Ants og kan hjå meg høyrast på samleplata Dandy Highwaymen frå 2007. Ashman døyde av komplikasjonar frå diabetes i 1995. I 1961 vart Jan Ingvar Toft fødd. Songaren Jan Toft er best kjend for arbeidet han gjorde med Vamp frå til han gav seg i bandet på slutten av 1998. Hjå meg kan Toft høyrast på studioplatene God Morgen, Søster (1993) og Flua På Veggen frå 1998. I 1963 kom den norske biletkunstnaren May Iren Aasen til verda. Aasen er for massane kjend for å spele trommer for Jokke & Valentinerne og kan i mi platesamling høyrast medan ho held takten på platene III (1990) og Frelst (1991). I 1964 vart Roar Ruus Finsås fødd i Bergen. Musikkterapeuten Finsås har herja dei ulike konsertscenene i heimbyen med eit utal ulike band. Hjå meg kan Finsås høyrast på plata Blod Svette Sæd Og Asfalt, som Radiofantomene slepte i 1992. Verda fekk også høve til å kjøpe Elvis Presley sin versjon av den kjende tyske barnesongen Muss I Den. Wooden Heart var henta frå familiefilmen G.I. Blues, den fyrste filmen der ”Kongen” ikkje spela rolla som rebell, og låg seks veker på topp av dei engelske listene, men fekk ikkje notert listeplassering i USA. I 1980 slepte Neil Young plata Hawks & Doves, der Levon Helm frå The Band slepte til på trommer på eit av spora. I 1981 vitja Toy Dolls Casablanca i Newcastle. I 1982 kom Toy Dolls til Fandangos i Hexham. I 1984 kom Iron Maiden med singelen Aces High. I 1986 døyde Eddie Davis, same dag jsom ein kunne høyre Toy Dolls frå scenen på Tor III i Düsseldorf. I 1987 var Toy Dolls attende på Theatre Fabrik i München. I 1989 var Exil i den tidlegare romerske grensebyen Trier åstad for ein konsert med Toy Dolls. I 1998 slepte Beck si sjette studioplate, Mutations. Alanis Morissette slepte si plate Supposed Former Infatuation Junkie, og Bee Gees nytta høve til å publisere opptak frå deira konsert frå MGM Grand i Las Vegas året før, produktet fekk namnet One Night Only. Plata vart fyrst slept på den engelske marknaden september same året. I 2012 døyde Odd Børretzen.
02.11.2017
Andre november
Andre november 1928 vart Herbert Albert Geller fødd i Los Angeles i California. Saksofonisten Herb Geller sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Geller døyde i 2013. I 1938 kom den norske kunstnaren Oddvar Torsheim til verda på Herland i Askvoll kommune. Torsheim er betre kjend som målar enn som plateartist, men han har gjeve ut fleire soloplater og har delteke i talentkonkurransar på fjernsyn. Mi platehylle byr på studioplata Tur-Retur Blues, som kom ut på plateselskapet Tylden i 2000. I 1945 vart John David Souther fødd i bilbyen Detroit i Michigan. J. D. Souther har samarbeida med dei fleste store namna innan countryrocken, og hjå meg kan han høyrast på plata Late For The Sky, som Jackson Browne slepte i 1974, og The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band Slepte i 1991. I 1947 vart David Pegg til verda i engelske Birmingham. Bassisten Dave Pegg har spelt med fleire store folk-rock namn, som mellom anna Fairport Convention, og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar med Jethro Tull på studioalbumet Catfish Rising frå 1991 og konsertplata A Little Light Music frå 1992, samt utvalde spor på samleplata Nightcap (1993). I 1949 kom Rowland Salley til verda i Bellvedere i Illinois. Bassisten Salley er best kjend for samarbeidet med Chris Isaak og hjå meg høyrere du han på studioplata San Francisco Days frå 1993, samt samleplata Wicked Games frå 1991. I 1953 såg Stein Erik Tafjord dagens ljos i Langevåg på Sunnmøre. Tafjord spelar tuba og kan hjå meg høyrast som ein del av The Brazz Brothers på platene Afrobrazz (1993) og Aquarius (2001). I 1957 vart Carter Anthony Beauford fødd i Charlotteville i Virginia. Trommeslagaren Carter Beauford vert rekna som ein av verdas framste i sitt fag og spelar til dagleg i Dave Matthews Band. I mi platehylle held Beauford takten for DMB på debutplata Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1961 kom Kathryn Dawn Lang til verda i forblåste Edmonton i canadiske Alberta. k.d lang har seld millionar av plater og er verdas best kjende lesbiske countryartist. I mi platehylle finn ein studioplatene All You Can Eat, som kom på marknaden i 1995, og Watershed frå 2008. I 1969 vart Reginald Quincy Arvizu fødd i Los Angeles i California. Bassisten Reginald «Fieldy» Arvizu spelar til dagleg i Korn og hjå meg kan han høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1976 gav Miles Davis ut plata Water Babies som inneheldt studioinnspelingar han hadde gjort saman med eit elitelag av musikarar på slutten av sekstitalet. Mi nyutgjevne CD-plate inneheld songen Splash, som ikkje var blant dei fem utvalde spora på den originale plata. I 1977 var Neil Young i Woodland Sound Studios i Nashville i Tennessee og spela inn songen Comes A Time som vart utgjeven på plata med same namn. I 1979 stod Toy Dolls på plakaten i Comrades Club i Horden. Etter den konserten forlèt Pete Zulu bandet for fyrste gong. I 1981 spela Toy Dolls sin konsert nummer hundre og det jubileet vart markert i Legions Park i South Shields, same dag gav Neil Young ut plata Re-Ac-Tor saman med husrockarane i Crazy Horse. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Salle De Faubourg i Genève. I 1989 fekk Luxor i Köln gleda av å høyre og sjå Toy Dolls. I 1991 spela Mano Negra live på Club Chitta i Kawasaki, ein konsert som er foreviga på plata In the Hell of Patchinko, som sjølvsagt står trygt plassert i platehylla mi. I 1997 døyde Carson Smith. I 1999 gav Rage Against The Machine ut den tredje studioplata si, The Battle Of Los Angeles, og også Foo Fighters slepte si tredje studioplate, den fekk tittelen There Is Nothing Left To Loose. I 2009 slepte dødsbuet etter Alf Prøysen den doble samleplata De Kjente Og Kjære Sangene, meir enn femti spanand spor frå ein av Noregs største visesongarar. I 2010 døyde Robert «Spike» Mickens. I 2015 døyde Raul Rekow.
01.11.2017
Fyrste november
Fyrste november 1946 vart Richard Roman Grechko fødd i den franske vinbyen Bordeaux. Musikaren Rick Grech har ei fortid i Blind Faith og Family, hjå meg kan han høyrast medan han trakterar fiolin på Rod Stewart si plate Smiler frå 1974, samt samleplata The Mercury Anthology frå 1992. Grech døyde i 1990. I 1947 kom James Richard Steinman til verda i New York City. Superprodusenten og komponisten Jim Steinman har gjeve ut soloplater, men er best kjend for samarbeidet han har gjort med andre. Hjå meg kan Steinman høyrast på plata Bat Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1977. I 1949 vart David Foster fødd i Victoria i British Columbia. Plateprodusenten Foster kan i mi platehylle høyrast på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978, og på plata Off The Wall, som Michael Jackson slepte i 1979. I 1951 kom Ronald Bell til verda i Youngstown i Ohio. Saksofonspelaren Bell er ein av grunnleggjarane av bandet Kool & The Gang, han er også bror av bassisten Robert Bell. Hjå meg kan Bell høyrast på samleplata Anthology 20 Greatest Tracks. I 1960 stilte Elvis Presley det spørsmålet svært mange ungjenter vona å få frå den mannen på den tida. Are You Lonesome Tonight? begeistra platekjøparane nok til at det var seks veker på fyrsteplass i USA, fire i England. I 1962 kom Red Hot Chili Peppers-vokalisten Anthony Kiedis til verda i Grand Rapids i Michigan. I tillegg til Kiedis sitt musikalske innslag, som i mi platehylle heiter The Red Hot Chilipeppers (1984), Freaky Style (1985), The Uplift Mofo Party Plane (1987), Mothers Milk (1989), Blood Sugar Sex Magic (1991), One Hot Minute (1995), Californication (1999) og By The Way (2002), vert han gjerne hugsa for ei rekkje dameaffærar, og i mi platesamling er det forholdet til den aust-tyske punkdronninga Nina Hagen som utmerkjer seg. I 1968 slepte souldronninga Aretha Franklin singelen See Saw. I 1972 gav Slade ut plata Slayed?, som inneheldt mange av dei store hitene dei vert hugsa for i dag. Mama, We’re All Crazy Now nådde fyrsteplassen på dei britiske singellistene, Gudbuy T’Jane kom aldri høgare enn nummer to, men det sikra dei plass i historiebøkene. I 1977 var det andre og siste innspelingsdag for Keith Jarrett si plate My Song. Plata vart spela inn i Talent Studios i Oslo og foruten Jarrett var det berre skandinaviske musikarar i bandet. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls på Meerhaus i den sveitsiske hovudstaden, Bern. I 1987 var Toy Dolls innom Graz for å spele på Haus der Jugend. Same dag gav Black Sabbath ut plata The Eternal Idol, den fyrste plata der vokalist Tony Martin fekk prøve seg som frontmann. I 1988 platedebuterte My Bloody Valentine med Isn’t Anything, som var bandet sitt fyrste studioalbum etter ei rekkje spanandes singlar. Også Yello nytta dagen til plateslepp, produktet fekk namnet Flag og var sveitserane si sjette studioplate. I 1989 var dette dagen då Cafe Europa i Bielefeld tok i mot Toy Dolls. I 1990 døyde Ray Pohlman. I 1994 vart det høve til å kjøpe Nirvana sin akustiske MTV-konsert på plate, og hadde ein pengar og lyst stod også The Black Crows si tredje studioplate, Amorica, i platehyllene denne dagen. I 2004 slepte brørne Caleb og Nathan Followill og resten av Kings Of Leon plata Aha Shake Heartbreak i UK og Irland, resten av verda måtte vente nokre månader. Her heime var det plateslepp for Enslaved, deira produkt hadde tittelen Isa. I 2005 slepte Public Enemy si niande studioplate som fekk tittelen New Whirl Odor.
Abonner på:
Innlegg (Atom)