13.03.2011

Trettande mars

Trettande mars 1947 kom gitaristen David Kelly til verda i London. Kelly kan hjå meg høyrast som gitarist på fire ulike titlar frå den engelske gruppa The Blues Band, eit band han var med å starte i 1979. I 1948 vart trommeslagaren David James Mattacks fødd i Edgeware. Dave Mattacks er nok best kjend for å spele med det engelske folkrockbandet Fariport Convention, men har også spela inn plater med artistar som Paul McCartney, George Harrison, Nick Drake og Loudon Wainwright III. Mattacks kan hjå meg høyrast medan han trommar for Jethro Tull på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1969 gav MC5 ut ein singel med The American Ruse og Shakin’ Street på kvar si side. I 1978 var dette fyrste innspelingsdag for The Who sin Trick Of The Light, som kan høyrast på plata Who Are You frå 1978. I 2006 vart Blondie, under stor festivitas, endeleg innlemma i Rock And Roll Hall Of Fame, på tide.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar