09.03.2011

Niande mars

Niande mars 1942 kom den walisiske musikaren John Davies Cale til verda. John Cale var, saman med Lou Reed, grunnsteinen i det eksentriske amerikanske kunstrockbandet Velvet Underground, eit band som oppstod i miljøet rundt den like eksentriske kunstnaren Andy Warhol sin kunstfabrikk i New York på slutten av sekstitalet, og som var ei av dei viktigste inspirasjonskjeldene for den amerikanske punkrøyrsla. I 1950 var Miles Davis på plass i New York og spelte inn songane Moon Dreams, Deception, Rocker og Darn That Dream. Med seg i studio hadde han stjernelaget J.J Johnson på trombone, Gunther Schuller på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz, som var mannen som spelte altsaksofon, Gerry Mulligan, som stod for barritonsaksofon, medan Al McKibbon spelte bass. Max Roach var mannen som sat bak trommene og held takten, og Kenny Hagood stod for vokalen på Darn That Dream. Alle songane kan høyrast på plata Birth Of The Cool frå 1957. I 1999 gav Wilco ut plata Summerteeth, dette var det Chicago-baserte alternativbandet si tredje studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar