27.03.2011

Tjuesjuande mars

Tjuesjuande mars 1942 kom Gasolin-bassisten Wili Jönsson til verda og eg tykker dette er ein passande stad å nemne at eg har dei fleste Gasolin-platene og trivst med det. Eg trur This Is My Life var den fyrste Gasolin-songen eg høyrde ein gong på syttitalet, i dag er det nok andre songar eg set minst like stor pris på, men det er likevel inga tvil, det er mitt liv. I 1947 vart Andrew Steven Bown fødd. Andy Bown har spela saman med Peter Frampton og gjeve ut ei rekkje soloalbum, han har også spelt keyboard i Status Quo på meir eller mindre permanent basis sidan 1973 og kan i mi platesamling høyrast på Status Quo-platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og Live Alive Quo frå 1992. I 1950 kom Anthony George Banks til verda. Tony Banks var ein av grunnleggjarane av Genisis, der han for det meste spelte keyboard. I 1959 kom keyboardspelaren Andrew Charles Farriss til verda i Perth på den australske vestkysten. Saman med brørne Jon og Tim starta Andrew Farriss INXS i 1977 og har levd godt av det sidan. I 1961 kom Brian Tristan til verda. Kid Congo Powers erstatta Bryan Gregory i The Cramps og kan høyrast på plata Off The Bone frå 1983. Kid Congo Powers har også vore innom Nick Cave sitt backingband The Bad Seeds. I 1962 var Elvis Presley i studio på denne dagen og song om eit brev han fekk attende frå postmannen. The Jordanairs stod for musikken på songen som heiter Return To Sender. I 1965 slepte Bob Dylan plata Bring It All Back Home, der Bruce Langhorne briljerte på gitar. I 1971 fekk den allsidige musikaren Dave Pegg ein son, også han med musikken som leveveg. Matt Pegg sitt basspel kan høyrast på Jethro Tull-plata Catfish Rising frå 1991. I 1978 slepte Lynyrd Skynyrd singelen You Got That Right. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Salle Communale i Saint Gilles. I 2000 forlét ein av dei store syttitalsikona, bandleiaren Ian Dury, denne verda etter ei tids sjukdom. Den polioramma rockaren var aktiv til det siste og vert sakna av alle oss som er glad i Sex, Drugs & Rock’n Roll. Songen med same namn kan høyrast på plata New Boots And Panities som kan lånast av underteikna om du ikkje har pengar til å kjøpe ho sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar