07.03.2011

Sjuande mars

Sjuande mars 1961 var Miles Davis på plass i Columbia 30th Street Studio i storbyen New York. Der spela han inn songane Pfrancing og Drad Dog for plata Someday My Prince Will Come, som kom ut seinare same året. Med seg i studio denne dagen hadde trompetlegenda Hank Mobley på tenorsaksofon, Wynton Kelly på piano og Paul Chambers på bass, medan Jimmy Cobb trakterte trommene. I 1969 gav The Who ut singelen om den døve, dumme og blinde guten som var ein djevel til å spele flipperspel. Pinball Wizard er kan hende den best kjende låten frå rockeoperaen Tommy og klatra til ein fjerdeplass på listene. I 1986 var Toy Dolls komen til Danmark og Helsingør for å spele, Toldkanneren var namnet på staden der denne underhaldninga gjekk føre seg. I 1988 vart det spelt inn ein promovideo for That’s The Way I Wanna Rock’n Roll. Artistar var AC/DC.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar