03.03.2011

Tredje mars

Tredje mars 1954 kom den amerikanske gitaristen John Lilley til verda. Lilley slo seg saman med resten av The Hooters så tidleg som i 1983 og kan hjå meg høyrast på platene Zig Zag (1989) og Out Of Body frå 1993. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, som berre hadde to songar, ein på kvar side av ei gamaldags langspelplate av vinyl. Dei av oss som har dette verket i kompaktplateversjon, slepp å snu plata mellom songane som har begge har same tittel som plata. I 1978 gav Patti Smith Group ut plata Easter. Denne skiva inneheld min favorittlåt med dama, Because The Night, som ho skreiv saman med ein ikkje like stor favoritt, Bruce Springsteen. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Arts Centre i Washington. I 1986 kom Metallica si tredje studioplate, Master Of Puppets, som var spela inn i Sweet Silence Studios i danske København. Same studio som dei danske rockelegendene i Gasolin brukte til mange av sine innspelingar. I 1997 slepte Nick Cave And The Bad Seeds si tiande studioplate, The Boatman’s Call. Plata vart straks Nick Cave sitt mest kritikarroste arbeid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar