04.03.2011

Fjerde mars

Fjerde mars 1932 vart den sørafrikanske songaren og menneskerettsforkjemparen Miriam Zenzi Makeba fødd i Johannesburg. Makeba sine merittar let seg ikkje oppsummere i kortform, men stikkorda er Grammy, gullplater, President Kennedy og Nelson Mandela. Hjå meg kan du høyre plata The Best Of Miriam Makeba And The Skylarks. Makeba døyde i 2008. I 1945 var dette den fyrste dagen i Dieter Meier sitt liv. Meier er kjend som stemma i det sveitsiske syntbandet Yello. I 1947 kom den norske jazzsaksofonisten Jan Garbarek til verda på Mysen, eit vegkryss rundt ein travbane i Østfold, og som elles berre er kjend for å arrangere tivoli og marknad ein gong i året. I mi platehylle er Garbarek representert med plata Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I 1948 vart Christopher Russel Edward Squire fødd i London. Bassisten Chris Squire er den einaste musikaren som spelar på alle Yes sine album og hjå meg høyres han på plata Going For The One frå 1977. I 1951 kom Robert Allen Deal til verda. Folk flest kjenner han best som Mick Mars, den eminente gitaristen i glamrockbandet Mötley Crüe. Mars har i mange år slitt med skranglande helse, men stilte med ny hofte til konserten i Bergenshallen i 2009 og overbeviste med glitrande gitarspel. I 1981 var Toy Dolls i Newcastle og spelte på Cooperage. I 1983 var det Feltham Football Club i London som var vertskap når Toy Dolls spelte. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast i den svenske hovudstaden, Birkegarden var namnet på Stockholm-scenen der det hendte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar