12.03.2011

Tolvte mars

Tolvte mars 1948 kom Richard Leslie Holroyd til verda i Oldham. Les Holroyd har i vaksen alder livnært seg som bassist i symforock bandet Barclay James Harvest, og kan hjå meg høyrast på konsertplata Berlin - A Concert For The People frå 1982. I 1956 vart grunnleggaren av, og den ubestridne sjefen i dei engelske metallikona Iron Maiden, Steve Harris fødd som Stephen Percy Harris. Bassisten Harris har opp gjennom åra stått for det meste av Iron Maiden sin musikk og er dermed den viktigaste kjelda til bandet sin suksess. Om ein skal seie noko negativt om Harris må det vere at han, i fotballen si verd, held med London-laget West Ham, noko som aldri er eit godt teikn. Harris leverte glitrande basspel på Koengen i august 2010 saman med resten av den etter kvart godt vaksne gjengen i Iron Maiden, og glitrande basspel har han levert på alle dei femten Iron Maiden-platene eg har investert i. I 1959 var dette dagen då Johnny Cash spela inn The Great Speckled Bird. Songen, som var produsert av den faste produsenten på den tida, Don Law, enda opp på plata Songs Of Our Soil og kan i tillegg høyrast på samleplata God frå 2000. I 1983 var Toy Dolls sin turné komen til Barracks i Albemarle. I 1996 slepte The Afghan Whigs si femte studioplate, Black Love.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar