16.03.2011

Sekstande mars

Sekstande mars 1954 fekk verda ein kvinneleg rockegitarist i form av Nancy Lamoureux Wilson. San Francisco-fødde Nancy Wilson spelte i det amerikanske rockebandet Heart saman med systera Ann og kan hjå meg høyrast på platene Little Queen frå 1977 og Rock The House! Live frå 1991. I 1971 var Pete Townshend og dei tre andre i The Who i studio og spelte inn det som er blitt ein av fleire signaturlåtar for gruppa, Won’t Get Fooled Again, som i tillegg til ei røys med samleplater kan høyrast på Who’s Next. I 1976 slepte Marvin Gaye si trettande studioplate, I Want You, der dei sterkt erotiske tekstane skal vere inspirert av Gaye sitt forhold til si andre kone, Janis Hunter. I 1982 fekk den alltid like velkledde oktetten Madness notert ein fjortandeplass på listene for singelen Cardiac Arrest og i 1985 var Iron Maiden på scenen i Long Beach Arena i California og spelte sin tredje utselde konsert på like mange kveldar. I 1999 slepte supergitaristen Jeff Beck plata Who Else. I 2005 døyde Jackson ”Thunderfoot” Spires.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar