03.01.2013

Tredje januar

Tredje januar 1943 kom Van Dyke Parks til verda i Hatiesburg i Mississippi. Parks er best kjend for arbeidet han gjorde med den legendariske Beach Boys si legendariske plat Smile, men hjå meg er det på The Byrds si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966, og på Ry Cooder si tjølvtittelerte debutplate frå 1970 tangentlyden hans kan høyrast. I 1945 vart Stephen Arthur Stills fødd i Dallas i kvegstaten Texas. Stephen Stills, som av mange vert rekna som ein av verdas beste gitaristar, var ein essensiell del av banda Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young. Hjå meg kan Stills høyrast på Buffalo Springfield si plate Buffalo Springfield Again frå 1967, i tillegg til songane Helpless og Ohio, som begge er kreditert Crosby, Stills, Nash & Young, men har fått plass på Neil Young si Greatest Hits-plate, og på songen Through My Sails frå Neil Young si plate Zuma, som kom på marknaden i 1975. I 1946 kom John Baldwin til verda i Kent. John Paul Jones er best kjend for å ha traktert bass og ei rekkje andre instrument for rockedinosaurane Led Zeppelin, som også er bidraget hans til mi platehylle. Jones har i tillegg livnært seg som komponist og arrangør og er sist sett som medlem av supergruppa Them Crocked Vultures saman med Josh Homme frå Queens Of The Stone Age og sjefen i Foo Figthers Dave Grohl. I 1954 vart Ross Friedman fødd i The Bronx i New York City. Ross “The Boss” Funicello var ein av grunnleggjarane av bandet The Dictators og kan høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. Funicello har seinare livnært seg i bandet Manowar, som enn så lenge er funnen for lett for mi platehylle. I 1962 kom Guy Pratt til verda i London. Bassisten Pratt si liste over bidrag til mi platehylle startear med Madonna si plate I’m Breathless frå 1990, han var også ein viktig del av rytmeseksjonen på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si soloplate Storywille frå 1991, han gav sitt bidrag til Tears For Fears på plata Elemental frå 1993, og på Tom Jones-plata Reload frå 1999. Og som om det ikkje var nok, kan Pratt sitt basspel også høyrast på Sophie Ellis-Bextor si debutplate Read My Lips frå 2001. I 1970 vart verda velsigna med pønkgitaristen og nettverksbyggjaren Kjell Engevik Moberg. Moberg frå Os, ein kort, men akk så svingete køyretur sør for den vakre vestlandshovudstaden Bergen, har gjort seg merkt over store delar av verda, og i det siste særleg i Kina, med undergrunnsband som Punishment Park og K-Jell, som begge sjølvsagt er sterkt representert i mi platehylle. I 1975 kom Thomas Bangalter til verda i Paris. Bangalter er den eine halvleiken av den franske elektronikaduoen Daft Punk, og hjå meg høyrer du han på plata Human After All frå 2005. I 1979 kom songar og frontfigur i Surferosa, Mariann Thomassen til verda i sunmørshovudstaden Ålesund. Hjå meg kan Thomassen sitt arbeid nytast på platene Shanghai My Heart (2003) og The Beat On The Street (2008).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar