19.01.2013

Nittande januar

Nittande januar 1917 vart John Richard Ewing fødd i Topeka i Kansas. Trombonisten Streamline Ewing sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. Ewing døyde i 2002. I 1936 kom Willie Smith til verda i Helena i Arkansas. Big Eyes tromma med mange av dei største bluesartistane og kan hjå meg høyrast på Johnny Winter si plate Nothin’ But The Blues frå 1977. Willie “Big Eyes” Smith døyde i 2011. I 1939 vart Philiph Everly fødd i Chicago i Illinois. Phil Everly var den eine halvleiken av duoen The Everly Brothers, som herja platelistene på sekstitalet. Hjå meg kan Phil Everly høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1943 vart verdas fyrste, og, kan hende, framleis største kvinnelege rockestjerne, Janis Lyn Joplin fødd i Port Arthur i Texas. I det myteomspunne hippiemiljøet i San Francisco etablerte Janis Joplin seg med hard bluesrock i grupper som Big Brother And The Holding Company og Full Tilt Boogie Band, som ho gjorde fleire plateinnspelingar med. Big Brother And The Holding Company si sjølvtittelerte debutplate, i tillegg til Farewell Song og den doble samleplata Janis er på plass i hylla. Joplin levde fort og hardt og døyde i 1970. I 1946 vart Dolly Rebecca Parton fødd i Smoky Mountains i Tennessee. Brystfagre Dolly Parton har plaga oss med plater i fleire tiår, mindre kjend er det at dama har tent seg steinrik på å skrive songar som andre gjer suksess med. Ei samleplate, som Greatest Hits, er greit for ein artist av Dolly sitt kaliber. I 1949 kom Robert Allen Palmer til verda i Batley i engelske West Yorkshire. Gentlemansrockaren Robert Palmer har hatt suksess som soloartist og med band som The Mandrakes og Power Station. Mi platehylle byr på plata Rhythm & Blues frå 1999. Palmer døyde av eit hjarteattak i 2003. I 1953 vart Michael J. Boddiker fødd i Cedar Rapids i Iowa. Synthesizerfenomenet Michael Boddiker kan hjå meg høyrast på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, og på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990. I 1970 var dette dagen The Who var i IBC Studios i London og spelte inn The Seeker. I 1985 var Toy Dolls i Freiburg og spelte på AZ. I 1986 var Toy Dolls i Maboham Gardens i San Francisco. I 1994 slepte The Afghan Whigs EP-plata What Jail Is Like. I 1998 døyde Carl Perkins. I 1999 gav Dave Matthews og Tim Reynolds ut den doble konsertplata Live At Luther College. I 2007 døyde Denny Doherty.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar