01.01.2013

Fyrste januar

Det er klart for enno eit nytt år, me stormar etter kvart inn i 2013, vonleg med mange finurlege overraskingar i vente for alle oss som er meir enn gjennomsnittleg glad i god musikk. Fyrste januar er for mange musikkelskarar fyrst og fremst vigd til den tradisjonelle nyttårskonserten der eit drivande godt filharmonisk orkester frå Wien, leia av ein kjendisdirigent, underheld celebre tilskodarar og millionar av fjernsynstilskodarar, med diverse svisker frå familien Strauss sitt omfattande valsearkiv, men heldigvis byr denne dagen på andre hendingar frå musikken si verd også. I etterkrigsåret 1919 vart musikkåret innleia med at Alfred McKibbon kom til verda i Chicago i Illinois. Jazzmusikaren Al McKibbon kom frå ein musikals familie og heldt seg i levet som bassist. Hjå meg kan McKibbonn høyrast medan han leikar med dei tjukke strengane på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. McKibbon døyde i 2005. I 1950 kom Paul Steven Ripley til verda i Boise i forblåste Idaho. Steve Ripley er i dag sjefen i bandet The Tractors, men hjå meg er det som gitarist for Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981 gitarspelet hans kan nytast. I London vart Stephen Morgan Fisher fødd. Tangentmanen Morgan Fisher kan i mi platesamling høyrast på Mott The Hoople si plate The Hoople frå 1974. I 1963 vart Bernhard Wright fødd i bydelen Queens i New York City. Tangentmannen Wright kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Tutu frå 1986. I 1979 kom Bree Johanna Alice Robinson til verda i australske Melbourne. Punkartisten Brody Dalle kan i mi platehylle høyrast med hjelpevokal på Queens Of The Stone Age si plate Lullabies To Paralyze frå 2005. I 2009 slepte Walkenhorst & Porter plata No Abandon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar