20.01.2013

Tjuande januar

Tjuande januar 1929 kom Jimmy Wilbur Cobb til verda i Washington D.C. Trommeslagaren Jimmy Cobb kan hjå meg høyrast medan han held takten for Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959 og Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1944 vart Charles Louis Domanico fødd i Chicago i Illinois. Bassisten Chuck Domanico kan hjå meg høyrast på plata Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976. Domanico døyde i 2002. I 1945 fekk verda musikaren og plateprodusenten Eric Michael Stewart. Eric Stewart tenestegjorde i 10cc frå 1972 til 1995. Hjå meg kan Stewart høyrast på konsertsamleplata Live In Concert. Volume One. I 1948 vart Melvyn Paul Pritchard fødd i engelske Oldham. Trommeslagaren Mel Pritchard heldt takten for Barclay James Harvest, og hjå meg kan han høyrast på konsertplata Berlin frå 1982. Pritchard døyde i 2004. I 1951 kom Ian Frank Hill til verda i West Bromwich. Bassisten Ian Hill har tent sitt daglege brød som ein del av rytmeseksjonen i Judas Priest, som underteikna har sett to gonger i levande live, begge i Bergen. Hjå meg kan Hill høyrast på studioplatene Stained Class (1978) og British Steel (1980), og konsertplatene Unlashed In The East (1979) og Concert Classics, i tillegg til samleplatene Metal Works ’73-’93 (1993), Simply The Best og The Essential Judas Priest (2006). I 1952 kom Stanley Harvey Eisen til verda på Manhattan i New York City. Gitarist og vokalist i Kiss, Paul Stanley, er for tida posørrockar nummer ein. Unge Stanley sitt bidrag til rocken har kan hende ikkje alltid hausta like stor åtgaum, men han er, om ein skal tru pressa, musikalsk ansvarlig i Kiss og det seier sitt. Hjå meg kan Stanley høyrast på studioplatene Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981) og Crazy Nights frå 1987, i tillegg til samleplata Double Platinum (1978) og konsertplata Alive III frå 1993. I 1959 vart Rusty Anderson fødd i La Habra i Callifornia. Gitaristen Anderson er best kjend for å spele med Paul McCartney, men hjå meg kan han høyrast på platene Love. Angel. Music. Baby. som var Gwen Stefani sitt bidrag til populærkulturen i 2004, og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1961 var Elvis Presley i studio og spela inn In The Ghetto. I 1965 kom Gregory David Kriesel til verda i Glendale i California. Bassisten Greg K. spelar til dagleg i The Offspring og hjå meg høyrer du han på platene Ignition (1992), Smash (1994), Americana (1998), Conspiracy Of One (2000) og Splinter (2003). I 1968 fekk Bob Dylan sin song All Along The Watchtower evig liv i Jimi Hendrix Experience sin versjon. Singelen nådde sjetteplass i England, medan USA løna prestasjonen med ein tjuandeplass. I 1969 kom Nicholas Allen Jones til verda i walisiske Blackwood. Under artistnamnet Nicky Wire har Jones gjort suksess som bassist i det walisiske rockebandet Manic Street Preachers og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Truth Tell Me Yours (1998), i tillegg til samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of The Manic Street Preachers) frå 2003. I 1973 vart Markus Mustonen fødd i Eskilstuna. Trommisen Mustonen held takten for Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999) og Du & Jag Döden frå 2005. Fredag tjuande januar 1985 var Brøndby-hallen i København åstad for ein konsert med metallikona i Judas Priest. Dei som ikkje nådde fram til kongens by, men som tilfeldigvis oppheldt seg i Stuttgart kunne i staden oppleve Toy Dolls på Krockodil. I 1986 fekk Palo Alto vitjing av Toy Dolls, dei kunne høyrast på The Stone. I 1996 døyde jazzmusikaren Gerry Mulligan. I 2012 døyde Larry Butler.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar