07.10.2012

Sjuande oktober

Sjuande oktober 1931 kom Gordon N. Terry til verda i Decatur i Alabama. Felespelaren Terry kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Johnny Cash på plata Ride This Train frå 1960. I 1945 vart musikaren og produsenten Kevin Michael Godley fødd i engelske Prestwich. I mi platehylle kan Godley høyrast medan han trommar for den engelske gruppa 10cc på samleplata Live In Concert Volume 1. I 1953 kom Hector Samuel Juan Torres til verda i New York. Kubanskætta Tico Torres er trommis for Bon Jovi og kan hjå meg høyrast på plata These Days frå 1995. I 1964 vart den engelske songarinna Samanta Brown fødd i Stratford. Mi platehylle byr på Sam Brown si plate Stop! frå 1988, der kan ein få høyre slagaren med same namn som plaga delar av den vestlege verda på slutten av 1980-åra. I 1980 inntok Madness tredjeplassen på lista med ein song der minna frå ei trøblete skuletid tydleg velta på, Baggy Trousers. Same kveld var Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Boston Gardens i Boston. You’ll Accomp’ny Me, Mainstreet, Rock And Roll Never Forgets og Let It Rock kan høyrast på liveplata Nine Tonight. I 1987 er Toy Dolls utanlands og spelar på Cerdan i den franske hamnebyen Brest. I 1989 nytta Toy Dolls datoen til å vere i aksjon på De Koog i Noordesharwoude i Nederland. I 1997 slepte Steve Earle plata El Corazón og Janet Jackson slepte si sjette studioplate The Velvet Rope.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar