15.10.2012

Femtande oktober

Femtande oktober 1943 vart Ralph Gallant fødd i Norfolk i Virginia. Trommeslagaren Larry Londin var ein av fleire som var hyra inn for å halde takten på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978, Londin kan også høyrast på samleplata Greatest Hits, som Journey slepte i 1988. Londin døyde i 1992. I 1946 vart Palle Danielsson fødd i Stockholm. Bassisten Danielsson kan hjå meg høyrast som ein del av Keith Jarret sin European Quartet på plata My Song frå 1978. I 1947 kom Robert Hall Weir til verda i San Francisco i California. Gitaristen Bob Weir er best kjend for å ha vore med å grunnleggje hippiebandet Grateful Dead. I mi platesamling kan Weir høyrast på den langt frå kritikarroste samarbeidsplata Dylan & The Dead, som Grateful Dead gav ut saman med Bob Dylan i 1989. I 1953 kom Toriano Adaryll Jackson til verda i Gary i Indiana. Tito Jackson er storebro til meir kjende Michael Jackson og kan hjå meg høyrast på samleplata The Ultimate Collection, som Jackon 5 slepte i 1995. I 1961 var Elvis Presley og The Jordanaires i studio og spelte inn Good Luck Charm. I 1962 vart Morten Abel Knutsen fødd i Bodø. Morten Abel har ei fortid i band som Mods og The September When, før han etter kvart starta solokarriere i eige namn. Både ein dobbel samle-CD frå tida i Mods, kalla Originalar (1992), og soloplata Here We Go Then You And I frå 1999 står trygt plassert i mi platehylle. I 1966 var dagen god for framtidige rytmeseksjonar, då fekk platesamlinga mi ikkje mindre enn to dugande trommeslagarar. Fyrst ute var Douglas ”Dougie” Vipond, som kom til verda i skotske Elderslie. Vipond har gjort det meste av den musikalske karriera si i Deacon Blue og kan høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlums. Same dag vart David Stead fødd i Huddersfield. Dave ”Steady” Stead heldt takten for The Beautiful South og hjå meg er det på debeutplata Welcome To The Beautiful South (1989), og Painting It Red frå 2000 han kan høyrast. I 1969 gav MC5 ut singelen Looking At You på plateselskapet Atlantic. I 1970 kom Elgin Baylor Lumpkin til verda i Washington D.C. Rapartisten Ginuwine sitt bidrag til mi platehylle finn du på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictive frå 2001. I 1975 vart Chris Geddes fødd i Stroud i England. Tangentmannen Geddes var ein av grunnleggjarane av det skotske indiebandet Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata med den småerotiske tittelen The Boy With The Arab Strap. Han var også nomminert på PETA si liste over verdas sexyaste vegetarianarar i 2008. I 1984 gav AC/DC ut EP-en ’74 Jailbreak, som inneheld fem tidlegare uutgjevne spor og var ei hylling av den avdøyde vokalisten Bon Scott. I 1985 vitja Toy Dolls Metropol i Berlin. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Des Fetes i Strasbourg. På denne haustdagen i 1988 lanserte Motörhead liveplata Nö Sleep At All som er spela inn under ein konsert i nabolandet vårt, Finland, og eit år seinare, i 1989, vitja Toy Dolls Nonthal Arce i Mozart-byen Salzburg i Austerriket. I 1996 gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Now I Got Worry. Dette var mitt fyrste møte med dette eksplosive bandet og ein kan trygt seie at det endra mitt syn på korleis ekte rock’n roll skal spelast, det er berre å stappe plata i spelaren og nyte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar