09.10.2012

Niande oktober

Niande oktober 1940 vart John Winston Lennon fødd i hamnebyen Liverpool. Lennon var gitarist og vokalist i det myteomspunne poporkesteret The Beatles og ein vesentleg del av låtskrivarsamarbeidet Lennon/McCartney. Lennon var også ein dugande låtskrivar på eiga hand. Hjå meg kan Lennon sin musikk nytast på The Beatles si samleplate Anthology 1, som omfattar den tidlegaste perioden av Fab Four si karriere. Lennon vart skoten av Mark Chapman i 1980. I 1943 vart organisten Ronald Raymond Barrosse fødd i elvebyen New Orleans. Med artistnamnet Ronnie Barron har han gjort seg merkt i fleire band og kan hjå meg høyrast på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983. Barrosse døyde i 1997. I 1944 vart John Alec Entwistle fødd i London. Entwistle spelte bass i den engelske supergruppa The Who og kan i mellom finnast som låtskrivar for songar som er spanande og litt annleis enn resten av The Who programmet, som Boris The Spider og My Wife. Entwistle døyde brått i 2002. I 1948 kom Clyde Jackson Browne til verda i tyske Heidelberg. Den norskætta miljøforkjemparen Jackson Browne er kritikarrost amerikansk gitarist og komponist med eigen plass i Rock’n Roll Hall Of Fame i Ohio. I 1954 kom James Fearnley til verda. Engelskmannen Fearnley spelar til vanleg accordion i The Pogues. I mi platesamling kan han også høyrast saman med resten av The Pogues når dei spelar på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road som kom på marknaden i 1988. Fearnley har også ytt sitt bidrag for andre artistar, mellom anna på plata Yes I Am frå 1993 for ei av mine musikalske heltinner, Melissa Etheridge. I 1955 vart Shona Laing fødd på New Zealand. Gitaristen Laing har solokarriere medein liten tilhengjarskare i heimlandet, hjå meg kan ho høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999. I 1958 vart Alain David Jourgensen fødd i Havanna på den karibiske perla Cuba. Al Jourgensen er grunnleggjar av, og vokalist i, industrimetallbandet Ministry. Hjå meg kan du høyre Jourgensen på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1959 vart den sveitsiske trommeslagaren Thomas Wydler fødd i finansbyen Zürich. Wydler vert rekna som ein av kjernemedlemmene i Nick Cave sitt backingband The Bad Seeds og kan hjå meg høyrast medan han held takten på plata The Boatman’s Call frå 1997, og Nocturama frå 2003. I 1960 vart rock’n rollbyen Detroit velsigna med ein jazzmusikar. Kenny Garret kan høyrast medan han spelar altsaksofon på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1969 kom Yowille sitt sterkaste musikalske bidrag, Polly Jean Harvey til verda. Hjå meg kan Polly Jean høyrast på platene Rid Of Me frå 1993 og Is This Desire frå 1998, og fleire vert det nok i framtida, for dama produserer musikk som gjer meg skjelven i knea. I 1970 vart Atle Byström fødd. Al DeLoner var gitarist og pianist i Midnight Choir og hjå meg kan han høyrast på platene Midnight Choir (1994) og Unsung Heroin (2000). I 1978 døyde Jacques Brel. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast i Pallais De Justice i Patway. I 1989 var det Labyrinth i Wurzburg i Tyskland som fekk vitjing av Toy Dolls. I 2000 slepte britiske The Beautiful South plata Painting It Red. I 2001 var det klart for plateslepp frå Leonard Cohen, produktet fekk namnet Ten New Songs og hadde, ganske riktig, ti songar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar