25.10.2010

Tjuefemte oktober

Tjuefemte oktober 1947 kom Judas Priest-gitaristen Glenn Raymond Tipton til verda i Blackheat i Midt-England. Tipton treng eigentleg ikkje nærare presentasjon, han er ganske enkelt ein av verdas framste hardrockgitaristar og mannen bak fleire av dei beste Priest-låtane og dei feitaste riffa. I 1951 fekk Tipton selskap av gitarkammerat Kenneth ”K.K” Downing Jr. Downing har utfordra Tipton til utallege gitarduellar og er med det ein minst like viktig del av det mektige lydbiletet til metallegendene i Judas Priest. I 1954 kom skodespelar og trommeslagar Victor DeLorenzo til verda. DeLorenzo kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for det legendariske traktorpunkbandet Violent Femmes og er representert på platene 3 (1989), Add It Up, New Times (1994) og Freak Magnet (2000). I 1961 fekk verda nok ein trommeslagar, då vart Chad Smith fødd. Smith kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Red Hot Chili Peppers og på Johnny Cash i plate Unearthed frå 2003. I 1968 gav Jethro Tull ut plata This Was på den engelske marknaden. I 1980 var Ebba Grön i Bellevueparken i Karlshamn. We’re Only In It og Schweden, Schweden kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 spelte Toy Dolls for frammøtte på La Salle De Faubourg i Geneve. Same dag døyde Gary Holton. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Posthof i Linz. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls frå scenen på Dolce Vita i Lausanne og Melissa Etheridge avslutta innspelinga av den sjølvtitulertet debutplata si, som kom på marknaden og inn i platehylla mi året etter. I 1989 stod Loft i Berlin på Toy Dolls sitt verdsturneprogram.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar