15.10.2010

Femtande oktober

Femtande oktober 1943 vart trommeslagaren Larrie Londin fødd og tildelt døypenamnet Ralph Gallant. Londin var ein av fleire trommeslagerar som var hyra inn for å halde takten på Neil Young si plate Comes A Time. I 1947 kom gitaristen Bob Weir til verda og fekk namnet Robert Hall Weir. Weir er best kjend for å ha vore med å grunnleggje hippiebandet Grateful Dead. I mi platesamling kan Weir høyrast på plata Dylan & The Dead frå 1989. I 1961 var Elvis Presley og The Jordanaires i studio og spelte inn Good Luck Charm. I 1962 vart Morten Abel fødd i Bodø. Abel har ei fortid i band som Mods og The September When før han starta solokarriere i eige namn. Både Mods og plata Here We Go Then You And I frå 1999. I 1966 fekk verda nok ein trommeslagar då Douglas ”Dougie” Vipond kom til verda i skotske Elderslie. Vipond har gjort det meste av den musikalske karriera si i Deacon Blue. I 1969 MC5 ut singelen Looking At You på plateselskapet Atlantic. I 1984 gav AC/DC ut EP-en ’74 Jailbreak, som inneheld fem tidlegare uutgjevne spor som ei hylling av den avdøyde vokalisten Bon Scott. I 1985 vitja Toy Dolls Metropol i Berlin. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Des Fetes i Strasbourg. På denne haustdagen i 1988 lanserte Motörhead liveplata Nö Sleep At All som er spela inn under ein konsert i nabolandet vårt, Finland, og eit år seinare, i 1989, vitja Toy Dolls Nonthal Arce i mosartbyen Salzburg i Austerriket. I 1996 gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Now I Got Worry. Dette var mitt fyrste møte med dette eksplosive bandet og ein kan trygt seie at det endra mitt syn på korleis ekte rock’n roll skal spelast, det er berre å stappe plata i spelaren og nyte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar