08.10.2010

Åttande oktober

Åttande oktober 1948 vart Johnny Ramone fødd som John William Cummings på Long Island i New York. Johnny Ramone var gitarist i det legendariske punkbandet Ramones som inspirerte ein heil generasjon av unge punkarar verda over. Johnny Ramone fekk plass på Time Magazine si liste over verdas ti beste el.gitaristar før han døyde i 2004. I 1958 kom Casey Royer til verda. Royer var med å starte det amerikanske punkbandet D.I. i 1981 og skal i dag vere einaste originalmedlemen att i bandet. Royer kan i mi platesamling høyrast på D.I. si femte plate, State Of Shock frå 1994. I 1970 spelte Johnny Cash inn Flesh & Blood som skulle vere musikk til filmen I Walk The Line. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1978 nytta Neil Young dagen til å gje ut albumet Comes A Time på plateselskapet Reprise. Plata nådde sjuandeplass på Billboard 100 som beste plassering. I 1983 gjekk Iron Maiden på scenen og spelte for eit utseld Madison Square Garden i New York. I 1984 var Iron Maiden på plass i London i eit utseld Hammersmith. I 1987 spele Toy Dolls i Salle De Al Foe i Tours. I 1989 fekk Willem II i nederlandske Den Bosch besøk av Toy Dolls.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar