02.10.2010

Andre oktober

Andre oktober 1933 fekk saxofongeniet Ronnie Ross sjå dagslys for fyrste gong. Det hendte i den indiske storbyen Calcutta og han måtte lide med døypenamnet Albert Ronald. Ross spelte saxofon for Matt Bianco til han døyde i 1991 og kan i mi platesamling høyrast på plata Whose Side Are You On frå 1984. I 1962 henta Elvis Presley Return To Sender får filmen Girls! Girls! Girls og gav han ut som singel. Plata fekk plass på toppen av dei engelske listene i tre veker, men stogga på andreplassen i heimemarknaden. I 1978 gav Neil Young ut plata Comes A Time der tittelsporet står fram som eit av dei mest markante frå denne plata. I 1979 la Madness seg på ein sekstandeplass på listene med The Prince som i mi platehylle kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 1987 er Toy Dolls å finne på Technical College i Glasgow. I 1995 kom Iron Maiden si fyrste plateinnspeling med Blaze Bayley som vokalist. The X-Factor var namnet på den babyen som kom seint, men veldig bra inn i mi platehylle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar