28.02.2017

Tjueåttande februar

Tjueåttande februar 1927 kom Donald Hugh Helms til verda i New Brockton i Alabama. Steelgitaristen Don Helms spelte frå starten av karrieren i 1942 med store namn som Hank Williams, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater The Fabolous Johnny Cash (1958), Hymns By Johnny Cash frå 1959, og Now There Was A Song frå 1960. Helms døyde i 2008. I 1940 vart Joseph Alfred Souther fødd i Atlanta i Georgia. Gitaristen Joe South er kanskje best kjend for å plage radiolyttarar med songar som Games People Play, og som komponisten av countrysviska Rose Garden, men i mi platesamling kan han nytast som ein av Bob Dylan sine musikarar på Blonde On Blonde frå 1966, samt på utvalde spor på på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1., som Aretha Franklin slepte i 1994. South døyde i 2012. I 1942 kom Wilfred Gibson til verda i den engelske småbyen Dilston. Fiolinisten Gibson spelte ein kort periode frå 1972 til 1973 i Electric Light Orchestra og i mi platehylle kan ein høyre arbeidet hans på samleplata Greatest Hits frå 1979. Gibson sitt fiolinspel kan også nytast på Londonbeat si plate In The Blood frå 1990, samt på eitt av spora på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. Gibson døyde i 2014. I 1948 vart Geoff Nichols fødd i engelske Birmingham. Tangentmannen Nichols har hatt eit langt og fruktbart samarbeid med Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata The Eternal Idol frå 1987, på utvalde spor på samleplata Between Heaven And Hell (1995), i tillegg til fleire spor på diverse andere samleplater. I 1952 kom Ed Manion til verda. Eddie «Kingfish» Manion har spela saksofon for store namn som Bruce Springsteen og Diana Ross, og hjå meg kan han høyrast på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1957 kom Cynthia Leigh Wilson i universitetsbyen Athens i Georgia. Cindy Wilson er vokalist og originalmedlem i New Wave-bandet B52s, som oppstod i det kreative miljøet rundt universitetet i heimbyen. Wilson er også syster til eit anna originalmedlem, Richy Wilson. Hjå meg kan Cindy Wilson høyrat på studioplatene Wild Planet (1980) og Cosmic Thing (1989), i tillegg til samleplata Dance This Mess Around-The Best Of The B52s (1990). I engelske High Wycombe vart Ian Christopher Stanley fødd. Tangentmannen Ian Stanley var tidlegare medlemm av Tears For Fears og kan i mi platehylle høyrast på den storselgjande studioplata Songs From The Big Chair frå 1985. I 1966 kom Edward Shearmur til verda i London. Klassisk skolerte Ed Shearmur komponerar til dagleg filmmusikk for Hollywood-produksjonar, men trakterat gjerne keyboards i festleg lag. Resultata frå eit slikt festleg lag kan i mi platehylle høyrast på Bryan Adams si soloplate Waking Up The Neighbours frå 1991. I 1982 var Toy Dolls klar for å erobre London. Staden heit Skunk. I 1983 kom plata Subterranean Jungle frå Ramones. Plata vart produsert av Ritchie Cordell og Glenn Kolatin og innspelinga gjekk føre seg i studioet Kingdom Sound på Long Island i staten New York. Songane Psycho Therapy og Outsider kan også høyrast på samleplata Ramones Mania. Dagen bydde også på plateslepp på den andre sida av Atlanteren, U2 nytta høve til å sleppe si tredje studioplate, War, laus på den platekjøpande delen av folkesetnaden. I 1985 var Rotters i Doncaster vertskap for Toy Dolls. Same dag døyde David Byron. I 1986 fekk våre gamle unionskameratar i Sverige vitjing av Toy Dolls, det hendte på Ying Och Yang i Gävle. Same dagen fullførde AC/DC innspelinga av ein promovideo for Who Made Who. Regissør var David Mallet. I 2010 døyde Tom «T-Bone» Wolk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar