22.02.2017

Tjueandre februar

Tjueandre februar 1944 vart Michael Robert Green fødd i Matlock i engelske Derbyshire. Gitaristen Mick Green, kjend for å spele i Johnny Kidd & The Pirates, kan i mi platehylle høyrast på plata Back On Top, som Van Morrison slepte i 1999. Green døyde i 2010. I 1952 kom trønderen Stein Groven til verda i bartebyen Trondheim. Groven har sidan syttitalet operert under artistnamnet Casino Steel og kan i mi platesamling høyrast som medlem av rigg rock-duoen Holton & Steel. To av platene frå samarbeidet med engelskmannen Gary Holton har fått plass i mi samling, debutplata, som bar dei to herrane sitt namn og kom på marknaden i 1981, og den vanskelege andreplata med den oppfinnsame tittelen Part II, som vart tilgjengeleg for platekjøparane i 1982. I 1958 vart Dave Spitz fødd i New York City. Bassisten Spitz spelte bass i Black Sabbath ein periode og er kreditert for basspel på plata The Eternal Idol frå 1987, sjølv om han vistnok ikkje skal ha spelt ein note på albumet. I 1965 vart Ray Mayhew fødd i hamnebyen Southampton. Mayhew var trommis i det ikkje altfor suksessrike bandet Sigue Sigue Sputnik og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Flaunt It frå 1986. I 1971 gav David Crosby ut si eigenproduserte debutsoloplate If I Could Only Remember My Name. I 1973 kom Thomas Scott Phillips til verda i Valdosta i den amerikanske delstaten Georgia. Trommeslagaren Scott Phillips spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1985 var London University vertskap for ein konsert med Toy Dolls. I 1993 platedebuterte Radiohead med plata Pablo Honey. I 1998 slepte Bel Canto plata Rush. I 2000 gav traktorpønkarane i Violent Femmes ut den ikkje så altfor vellukka plata Freak Magnet, som i skrivande stund er gruppa si siste studioplate. I 2007 døyde Ian Wallace.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar