18.02.2017

Attande februar

Attande februar 1935 vart Ciarán Bourke fødd i den irske hovudstaden Dublin. Bourke var ein av grunnleggjarane av The Dubliners, men vart råka av sjukdom i 1974 og kunne ikkje halde fram med å spele med bandet. Hjå meg finn du Bourke sine musikalske bidrag på utvalde spor på samleplata At Their Best frå 1998. Bourke vart rekna som fullverdig medlem av The Dubliners heilt frå sjukdomen råka og fram til han døyde i 1988. I 1946 kom Buddy Cage til verda i kanadiske Toronto. Steel-gitaristen Cage sitt musikalske bidrag til mi platesamling finn ein på plata Blood On The Tracks, som Bob Dylan gav ut i 1975, og på utvalde spor på samleplatene The Bootleg Series Vol. 1, som same Dylan slepte i 1991. I 1952 vart Veronica Crawford fødd i Macon i den amerikanske delstaten Georgia. Songerinna Randy Crawford har hatt større suksess i Europa enn i heimlandet og er godt kjend for eit samarbeid med norske Lava. Crawford sitt bidrag til mi platesamling heiter Secret Combination og kom på marknaden i 1981. I 1953 kom Fausto Mesolella til verda. Gitaristen Mesolella sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I kanadiske Winnipeg vart Robin Bachman fødd. Robbie Bachman, den yngste av Bachman-brørne, har hatt trommene som yrkesveg og har hatt bandet Bachmnan-Turner Overdrive som arbeidsgjevar. Hjå meg kan Bachman høyrast medn han held takten på samleplata The Very Best Of Bachman-Turner Overdrive, som kom på marknaden i 2001. I 1965 vart Andre Romelle Young fødd i Compton i California. Rapartisten Dr. Dre er ein av verdas mest kjende raparar og kan hjå meg høyrast på tre ulike titlar frå kompisen Eminem, The Slim Shady LP (1999), The Marshall Matters LP (2000) og The Eminem Show (2002). I 1969 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York og spelte inn det som skulle ende opp som plata In A Silent Way, som kom ut i juli same året. Med seg i studio denne dagen hadde Davis Wayne Shorter på saksofon, Chick Corea og Herbie Hancook på el. Piano, Joe Azwinul på orgel, John McLaughlin på gitar, Dave Holland på bass og Tony Williams på trommer. I 1970 stod Elvis Presley i studio og spela inn The Wonder In You. I 1974 var Johnny Cash i studio og spelte inn While I Got You On My Mind. Songen fekk plass på plata Ragged Old Flag og kan i tillegg høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1985 kunne det opplevast ein konsert med Toy Dolls på Winter Gardens i Cleethorpes. Og i 1986 var dette dagen då Madness sin singel Sweetest Girl stogga på trettifemte plass, ein song du i mi platehylle finn på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 1992 gav det islandske bandet Sugarcubes ut si tredje og siste studioplate, Stick Around For Joy. I 2003 slepte Calexico plata Feast Of Wire, dette var bandet si fjerde studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar