02.02.2017

Andre februar

Andre februar 1920 kom Joe Mondragon til verda i Antonito i Colorado. Bassisten Mondragon var ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast medan han spelar på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Mondragon døyde i 1987. I 1942 vart Graham William Nash fødd i tivolibyen Blackpool i eit krigsherja England. Graham Nash slo gjennom med eit brak i den engelske gruppa The Hollies, som etter kvart har fått sitt bidrag til mi platesamling med samleplata 20 Great Love Songs. Nash tok etter kvart turen over dammen og starta eit samarbeid med dei to herrene David Crosby og Stephen Stills i meir kjende Crosby, Stills & Nash (& Young) og fleire bidrag frå dette samarbeidet kan høyrast på Neil Young si Greatest Hits-plate frå 2004. Nash er også kreditert for å spele gitar og syngje på kompisen David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, og han spelar gitar og perkusjon, i tillegg til å yte vokalhjelp på plata Zuma, som Neil Young slepte i 1975. I 1949 kom Ross Lamont Valory til verda i San Francisco i California. Bassisten Ross Valory var i si tid med å grunnleggje Journey, men fann etter kvart ut at det var greitt med ein pause frå bandet, noko som er årskaka til at han ikkje var med å studioplata Raised On Radio, den einaste plata han ikkje deltek på. Hjå meg kan Valory høyrast på dei fleste spora på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1951 vart Alphonso Johnson fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Johnson tok seg av dei mørkaste strengane i Weather Report på midten av syttitalet, før han overlet den oppgåva til supertalentet Jaco Pastorius. Hjå meg kan Jonson høyrast på utvalde spor på Weather Report si samleplate Collection frå 2008, i tillegg til eit spor på plata Graceland, som Paul Simon slepte i 1986. I 1962 kom Jan Magne Førde til verda i Langevåg i Sula Kommune på Sunnmøre. Førde er saman med storebrørne Helge og Jarle, drivkrafta i den norske jazzgruppa The Brazz Brothers, og kan høyrast på to ulike produksjonar i mi platehylle, Afrobrazz (1993) og Aquarium (2001). I 1970 slepte Grand Funk Railroad singelen Heartbreaker som klatra til syttiandreplass på den viktige Billboardlista. I 1976 gav sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd ut singelen Gimme Back My Bullets. I 1980 heldt Toy Dolls konsert i Comerads Club i Blackmill. I 1977 døyde Sid Vicious. I 1981 kom Iron Maiden si andre studioplate, Killers. I 1982 nytta dei engelske hardrockarane i Iron Maiden dagen til å sleppe den legendariske singelen Run To The Hills. Singelen der dei oppmodar om fjelltur klatra i dei påfølgjande vekene lett og elegant til sjuandeplassen på dei engelske singellistene. I 1991 fekk verda servert plata 1916 frå våre venner i Motörhead. Plata inneheld ei hylling av dei amerikanske kultpønkarane i Ramones og på tittelsporet, som avsluttar plata, har den aldrande speedfreaken Lemmy bytta ut bass med cello. Det siste får ikkje akkurat gamlingen til å høyrast ut som ein ekte Motörheadbanger, men det er ikkje tvil om at dette duger. I 2004 slepte Melissa Auf Der Maur sitt soloprosjekt debutplata Auf Der Maur, og Scissor Sisters platedebuterte med ei plate som har fått same namn som bandet. Som om det ikkje var nok, takka ein nesten nittiseks år gamal Alvino Rey for seg på denne dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar