08.02.2017

Åttande februar

Åttande februar 1946 vart Adolfo de la Parra fødd i Mexico City. Fito de la Parra har spela trommer for Canned Heat i meir enn førti år og er i dag det næraste ein kjem ein originalmedlem i det tradisjonsrike bandet. Hjå meg kan de la Parra høyrast på plata House Of Blue Light, som neppe var bandet sitt sterkaste kort. I 1958 vart Paul Barker fødd i Palo Alto i California. Bassisten Barker spelte med Ministry i åra frå 1986 til 2004 og hjå meg høyrer du arbeidet hans på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1960 kom Stuart Hamm til verda i New Orleans i Louisiana. Stu Hamm er etter kvart ein merittert studiobassist og hjå meg kan han høyrast på gitargeniet Joe Satriani si plate Flying In A Blue Dream frå 1989. I 1961 vart Vincent Neil Wharton fødd i Hollywood i California. Racingentusiaten Vince Neil er til dagleg vokalist i Mötley Crüe og sjølv om han hadde ein fem år lang racingpause frå 1992 til 1997 var han bandet sin frontfigur fram til dei inngjekk avtale om at ingen av bandmedlemmene skal forsøke å melke bandnamnet lengre. Eg har ein Crüe-konsert under jakken og skulle gjerne stilt opp fleire gonger, men ser at det er like greitt om ein heller kosar seg med gamle minner. Hjå meg kan du høyre Neil på platene Too Fast Fo Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain (1985), reine slagerparraden, i tillegg til samleplata Classic Mötley Crü. I 1963 vart Torkild Viig fødd i Stavanger. Bassisten Viig sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på samleplata Orignaler, som Mods slepte i 1992 og som inneheld bandet sine to fyrste studioplater Revansj (1981) og Amerika (1982). I 1974 vart Guillaume Emmanuel de Homem-Christo fødd i Paris. Guy-Manuel er den eine halvleiken av den franske elektronicaduoen Daft Punk og kan hjå meg høyrast på plata Human After All frå 2005. I 1978 vart Tor Risdal Stavenes fødd. Seidmann er bassist i bandet 1349 og kan hjå meg høyrast på plata Demonoir frå 2010. I Laguna Hills i California kom Anna-Lynne Williams til verda. Williams, som også nyttar aliaset Lotte Kestner, er til dagleg gitarist og vokalist i bandet Trespassers William, hjå meg kan ho høyrast medan ho yt hjelp til karane i Chemical Brothers på den prisløna plata Push The Button frå 2005. I 1980 slepte Sex Pistols samleplata Flogging A Dead Horse og seinare på kvelden hamra Toy Dolls laus på instrumenta sine i Excelsior Club i Newcastle. I 1993 slepte Mick Jagger si tredje soloplate, Wandering Spirit. I 1994 slepte Texas Tornados samleplata The Best Of Texas Tornados. I 2013 døyde Knut Nesbø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar